Georg Burchard Jersin (1696-1746)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Georg Burchard Jersin (fødd juli 1696 i Beitstad, død 20. juli 1746 i Bergen) var son av sokneprest Albert Jersin i Beitstad, Nord-Trøndelag. Han gifte seg i september 1725 med Christenca Heiberg (1701-1739), dotter av sorenskrivar Gjert HeibergAmla i Sogndal.

Jersin vart 6. mai 1724 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn. Han og Christenca budde på Amla til kring 1729 og flytte så til fute og sorenskrivargarden Talla i Luster der Gjert Heiberg kom ifrå. I åra 1729-1731 samla Jersin Talla til eitt bruk att, og han ser ut til å ha drive garden så lenge han levde.

Georg og Christenca fekk sju born, mellom anna:

  • Alberg Jersin (1726-1783), sokneprest i Stegen, Alta, Talvik og Haram
  • Sophia Jersin (1733-1775), gift med kjøpmann Petter Baade
  • Gjert Heiberg Jersin (1734-1777), klokkar på Voss
  • Jacob Christian Jersin (1736-1807), sokneprest på Voss, far til eidsvollsmannen Georg Burchard Jersin (1767-1827)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 134.
  • «Fute- og sorenskrivargarden Talle», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane