Grendeskulane i Hol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hol var ein del av Ål prestegjeld inntil 1877, men allereie i 1842 vart skulekassa skilt ut av felleskassa for Ål og Hol. I 1742 vart det vedteke at tre lærarar skulle dekke heile Ål prestegjeld. Dette vil truleg seie at ein av desse virka i Hol. Talet på «skoleholdere» auka snøgt og i 1774 var det 7 og 1807 var talet 12 for heile prestegjeldet. I 1859 vedtok skulekommisjonen at det skulle vera 6 skuledistrikt, kvart oppdelt i to rotar. Kvart distrikt skulle ha 144 dagar skule med halvparten av tida i kvar rote. Omgangsskulen heldt hus om lag 8-9 dagar på dei fleste gardane før skulen reiste vidare til neste gard. Allereie i 1836 gjorde ei nemnd framlegg om faste skulehus i alle krinsane utan at dette vart noko av. I 1859 vart det vedteke å ha fast skule på «Hol ålmannstugu». I 1861 vart det vedteke fast skule for Sør-Hovet og Holet. I Holet skulle det byggjast skulehus med lærar-/klokkarbustad. Vanlegvis vart det fyrst vedteke at skulane skulle haldast på ein fast stad nokre år før dei fekk bygd eigne dedikerte skulehus. Dei fleste skulehusa i Hol vart bygde frå 1877 og frametter. På 1900-talet vart nynorsken innført i 5 av skulekrinsane. Dette var Moen (1919), Holet (1924), Nordgardane (1934), Skurdalen (1934), Lien (1939). Sør-Skurdalen og Dagali vart overført til Hol kommune i 1944.

Skulehusa

  • Holet: Fast skule frå 1861. Skulehus frå 1867. Skulen heldt i ein periode til på Søre Nestegard før skulehuset var ferdig.
  • Sør-Holet: Fast skule vedteke frå 1871 i Sausgardhaugen. 1976 vart Sør-Holet delt inn i Mofjordungen og Ruegrenda krinsar. Slege saman att i 1882 til Sør-Holet. Skulehus: sjå Moen.
  • Ruegrenda: Fast skule hjå Kari Holshaga frå 1878. Slege saman med Mofjordungen i 1882 til Sør-Holet. Skulehus: sjå Moen.
  • Sør-Hovet: Fast skule frå 1861. I 1878 hjå Eirik P. Villand. Skulehus frå 1877 på Rultemoen. Frå 1952 gjekk skulen inn i den nye sentralskulen.
  • Nord-Hovet: Fast skule frå 1871 på Løyte, frå 1876 på Annfinnset. Nytt skulehus på Hølu i 1881/82. I 1948 vart Nord-Hovet og Sør-Hovet slegne saman til ein krins, og elevane vart flutte til Sør-Hovet skule.
  • Sundndalen: Fast skule frå 1878 på Nedre Skøro. Elevane vart overførde til sentralskulen i Hovet i 1952. Ikkje delt undervisning.
  • Moen: Fast skule i 1878 (Hjå Guttorm Slettemoen). Skulehuset teke i bruk i 1886 på Uren. Påbygd og restaurert i 1946. Frå 1882 vart Mogrend og Ruegrenda slegne saman til Sør-Holet krins med skule på Moen. I 1947 vart plassane i Vestlia lagde til Moen. Kvisla vart delt og hovudbygda Kvisla vart lagt til Lien. Frå januar 1965 vart elevane på Moen overførde til Holet.
  • Kvisla: Fast skule vedteke i 1876. Leigd hus på søre Gjivsjordo. (Før dette skal ein dessutan ha hatt mellombels fast skule nokre år frå 1861). Skulehus på Tufto frå 1889. I 1947 vart Vestlia lagt til Moen og hovudbygda lagt til Lien krins. Kvisla vart altså nedlagt som skulekrins, men heldt fram som valkrins.
  • Lio (Lien): Fast skule i 1878 på Isungset. Skulehus frå 1889. Nyt skulehus i 1930. Frå 1947 fekk dei elevane frå Lien. I ein periode fekk alle elevane i Hol skulekjøkkenundervisning her. (Ikkje elevane frå Fjellet). Elevane vart overført til ny fellesskule på Geilo frå 1955.
  • Ustedalen: Fast skule i 1878. Fekk skulehus på Gullstein-eigedomen i 1885. Nytt skulehus i 1924. Overført til ny fellesskule på Geilo i 1955.
  • Fjellet: Skulen starta på Haugastøl i 1913 og heldt fyrst til i ei anleggsbrakke, men fekk eiget hus frå 1914. Fjellet krins vart skapt av jernbanen og dei fleste elevane her var vestlendingar. Elevane frå vest kom med dresin, elevane frå aust kom med tog. Då NSB la om rutene måtte skulen flyttast til Ustaoset. I ein overgangsperiode vart det helde skule båe stadene. På Ustaoset vart venterommet på togstasjonen nytta som skulerom inntil dei fekk ny skule i 1936. I høgsesongen for turismen måte skulen stenge sidan det vart for fullt på venterommet. I 1964 vart storskulen overført til Geilo, medan småskulen var i drift inntil slutten på 1970-talet.
  • Nordgardane i Skurdalen: Eigen skule 1892-1940. Skulehus frå 1906. Fungerte som tvillingskule til Midtbygda i Skurdalen. Skulehuset vart bygd på Nygard i 1906. Slege saman med Skurdalen skule i 1940.
  • Skurdalen (Midtbygda): Skulle frå 1871 ha fast skule i Kleiven som ein freistnad. Fekk skulehus i 1878 i Dokken. Nytt skulehus nord for Dokken i 1880, i bruk til 1911. Frå 1912 nytt skulehus nord for Flatåker. Skulen var i bruk til våren 1960. Hausten 1960 stod nyeskulen klar litt sør for den gamle skulen, og gjekk frå å vera 2-delt til 3-delt. Skulen var 3-delt inntil skuleåret 1965/1966. Frå den 1. august 2004 vart skulen slege saman med Dagali, og fekk namnet Dagali og Skurdalen oppvekstsenter.
  • Sør-Skurdalen: Krinsen Naustedøkken-Bergo høyrde til Rollag kommune inntil 1858, 1858-1900 til gamle Nore kommune, deretter Uvdal (Opdal) kommune inntil 1944. Grevsgardsdokken, Skogstad og Fredheim låg i Nore kommune òg etter 1900 medan storparten vart overført til Uvdal i 1901. Grevsgard låg i Ål kommune, men elevane gjekk likevel på Sør-Skurdalen skule. Gardane som låg i Nore og i Ål høyrer i dag til Nore og Uvdal kommune. Sør-Skurdalen var fyrst ein del av Dagali skuledistrikt, men vart eige skuledistrikt frå 1916. Skulen heldt fyrst til i eit rom i Nordre Borgen, men fekk eiget skulehus i Borgen frå 1887. Hausten 1956 vart Sør-Skurdalen slege saman med Skurdalen skule.
  • Dagali: Del av Rollag kommune inntil 1858. Mellom 1858 og 1900 høyrde Dagali til gamle Nore kommune, deretter Uvdal (Opdal) kommune inntil 1944. I 1829 vart Dagali, Skurdalen, Tunhovd og Vikangrend skilt ut som eit eige skuledistrikt med ein lærar. I 1839 vart Vikangrend overført til søre Uvdal distrikt. Sjølv om skuleloven av 1860 hadde kravd faste skulehus fekk Dagali oppleve endå ein generasjon med omgangsskule. Kyrkjestova i Dagali vart nytta som skule inntil det vart bygd ny skule der i 1953.


Skulekrinsane 1859-1936

1859

1. distrikt: rote 1 Nedrestølen-Myren, rote 2 Tufto-Slåttun. 2. distrikt: rote 1 Haugen-Fosshaugen, rote 2 Fosshaugen-Trøgaton. 3. distrikt: rote 1 Slettemoen-Holshagen, rote 2 Toresgard-Randen. 4. distrikt: rote 1 Seim-Søre Nestegard, rote 2 Nestegard-Kvamen. 5. distrikt: rote 1 Brattåker-Rue, rote 2 Larsgard-Berg. 6. distrikt: rote 1 Driftedalen-nordre Bry, rote 2 Bakken-Søre Skøro.

1861

1. krins: Nedrestølen-Herleiksplass. 2. krins: Tufto-Slåtta. 3. krins: Øyo-Foss. 4. krins: Kaupang-Trøgaton. 5. krins: Slettemoen-Holshagen. 6. krins: Vass. 7. krins: Seim-Kvamen. 8. krins: Brattåker-Berg. 9. krins: Berg-Søre Bry. 10. krins: Bakkane-Skøro.

Krins 1-2 (Skurdalen-Ustadalen) vart «1. kretsskole». Krins 3-4 (Lien-Kvisla) vart «2. kretsskole». Krins 5-6 (Moen-Vass) vart «3. kretsskole». Krins 7-8 (Holet og Sørhovet) vart den «4. kretsskole» og hadde fast skule. Krins 9-10 (Nord-Hovet og Sudndalen) vart den «5. kretsskole». «Kretsskolene» hadde kvar sin lærar. I 1876 vart Sør-Holet delt inn i Mofjordungen og Ruegrenda krinsar. I 1877 vart Vass overført til Ål og Reintongrenda til Hol.

1877

Nord-Hovet, Sør-Hovet, Nord-Holet, Kvisla, Lien, Sudndalen, Ruegrenda, Mogrenda, Ustedalen, Skurdalen. Det var omgangsskule i dei 4 sistnemnde krinsane. I 1882 vart Mogrenda og Ruegrenda slegne saman att til Sør-Holet krins.

1891

Lien, Ustedalen, Skurdalen og Nordgardane, Sudndalen Nord-Hovet og Sørhovet storskule, Nord-Hovet og Sørhovet småskule, Holet, Kvisla, Moen.

1895

Holet, Kvisla, Lien, Nord-hovet, Sør-Hovet, Sudndalen, Moen, Ustedalen, Skurdalen og Nordgardane.

1922

Sudndalen, Nord-Hovet, Sør-Hovet, Holet storskule, Holet småskule, Moen, Kvisla, Lien, Ustedalen storskule, Ustedalen småskule, Haugastøl, Skurdalen.

1936

Sudndalen, Nord-Hovet, Sør-Hovet, Holet, Moen, Kvisla, Lien storskule, Lien småskule, Ustedalen storskule, Ustedalen småskule, Fjellet, Skurdalen.


Skulane i dag

Grunnskular

  • Geilo barne- og ungdomsskole: Barneskule for Geilo og ungdomsskule for heile kommunen. I barneskuletrinna er det ca. 225 elevar i 13 klasser frå 1. til 7. klasse. Skulen har SFO. Bokmål. I ungdomsskuletrinna er det ca. 190 elevar i 8. – 10. klasse i 7 klasser. Bokmål og nynorsk. Skulen ligg sentralt på Geilo, i tilknytning til samfunnshuset og idrettsanlegget.
  • Dagali og Skurdalen oppvekstsenter: 2-delt skule med SFO og barnehage i tilknytning. Cirka 20 elevar i 1. – 7. klasse. Bokmål. Skulen ligg ved fylkesveg 40 mot Kongsberg, ca. 12 km frå Geilo.
  • Hallingskarvet skole: Frå hausten 2015 vart Holet skule og Hovet skole slege saman. Namnet på den nye skulen vart Hallingskarvet skole. 5-delt skule med SFO. Ca. 80 elevar i 1. – 7. klasse. Bokmål. Skulen ligg i tettstaden Hol langs fylkesveg 50 mot Aurland like ved det kommunale administrasjonssenteret ca. 15 km frå Geilo.
  • Geilomo skole: 3-delt skule ved Geilomo barnesykehus for astma og allergi. Ca. 20 elevar i gjennomsnitt, kvar med opphald på 5 – 6 veker ved institusjonen. Skulen ligg på sjukehusområdet ikkje langt frå Geilo sentrum.

Andre skular i Hol

  • Norges Toppidrettsgymnas, avdeling Geilo (Privat): Norges Toppidrettsgymnas (NTG) er ei stifting som driv privat vidaregåande skule. Avdelinga på Geilo vart skipa hausten 1990 og har 90 elevar fordelt på 3 klasser. Elevane kjem frå heile landet og frå utlandet.

Arkiv

Arkiv eldre enn ca 1980 frå dei kommunale skulane er av Hol kommune deponert til Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS.

Kjelder

  • Norges toppidrettsgymnas, avdeling Geilo. [Heimeside. Lasta ned 05.10.2015].
  • Reinton, Lars og Sigurd S.: Folk og fortid i Hol : I : Frå eldste tida til 1815 : av Lars Reinton. Grøndahl, Oslo 1938, s. 307-322.
  • Reinton, Lars og Sigurd S.: Folk og fortid i Hol : II : Frå 1815 til vår tid : av Lars Reinton. Grøndahl, Oslo 1938, s. 377-408.
  • Skoler i Hol [Side om skulane i Hol på nettsidene til Hol kommune. Lasta ned 05.10.2015].
  • Skurdalen skule 1960-2010. [Jubileumshefte, lasta ned frå nettsida til Dagali og Skurdalen oppvekstsenter den 30.09.2015].
  • Solhjell, Kåre Olav: Bygdehistorie for Nore og Uvdal II. Nore og Uvdal kommune, 1995, s. 281-285.
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år : Historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet : Bind I : Jernbanen og fjellbygda 1900-1950. Hol kommune, Hol 2000, s. 481-517.