Michael Sundt Tuchsen Fasting

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Michael Sundt Tuchsen Fasting (fødd 30. november 1806 i Ortnevik i Høyanger, død 4. desember 1885 i Førde) vart student i 1827 og tok teologisk embetseksamen 13. september 1832. Deretter var han privatlærar i Bergen nokre år.

Sokneprest i Jostedalen

Han heldt si fyrste gudsteneste i Jostedalen 1. påskedag 1841 etter å ha vorte utnemnd 15. juli 1840. Sommaren 1841 vart den nye hovudbygningen i prestegarden reist, og Fasting og familien kunne flytte inn på hausten.[1]

Som forgjengaren Kjeld Andreas Bugge vart Fasting ordførar i Jostedalen. Han vart vald 26. juni 1842 og vart vald til sin andre ordførarperiode 14. januar 1845.[2] Men då det var klart at han hadde fått sokneprestembetet i Jølster, fekk han etter søknad fritak frå ordførarvervet frå 1. januar 1846.[3] Viseordførar Lars Tøgerson Kronen tok då over og vart vald til ordførar i det ordinære ordførarvalet to veker seinare.

Tidleg i februar 1846 gjekk det fleire snøskred i Jostedalen som raserte husmannsplassane Kleivi og Leteigen i Mjølverdalen. Tre huslydar miste husværet og fleire vart hardt skadde, og Fasting skreiv eit stykke i Morgenbladet om den dramatiske hendinga.[4]

Jølster og Førde

Fasting heldt avskilstala si i Jostedalen 1. pinsedag 1846 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jølster 16. juli 1845. 12. oktober 1857 vart han utnemnd til sokneprest i Førde der var han til han fekk avskil i 1880.

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 203
  2. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 13b og 26b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  3. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), møte 28.11.1845, fol. 31B (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  4. Morgenbladet nr. 76, 17.3.1846

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 335-36. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 223.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Kjeld Andreas Bugge 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Christian Bastholm Heltberg 


Forgjengar:
 Lars Rasmusson Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars Tøgerson Kronen