Richard Floer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Richard Floer. Ukjent kunstnar.
Richard Floer (fødd i Kvikne i nåverande Rennebu og Tynset kommunar 11. april 1767, død på Røros 28. august 1822) var bergverksfunksjonær, offiser og eidsvollsmann. Lite og ingenting er kjent om Floers aktivitet og standpunkt på Eidsvoll 1814. Han var vald som representant for det frivillige Rørosiske bergjegerkorps.

Foreldra var overstiger Henning Floer og Helveg Marie Brandt. Faren var tilsett ved koparverket i Kvikne da Richard var fødd, og flytta seinare til Røros. Familien hadde vore tilknytta bergverksverksemda i generasjonar.

Richard Floer byrja si sivile karriere som bergkadett ved Røros kopparverk i 1791. Han avanserte til materialskrivar i 1792, kolkontrollør 1793, kolfut 1795, hyttemeister 1796. Frå 1798 til han slutta i 1815 var han hytteskrivar. Dei siste seks-sju åra forsømte han tenesta si så pass at han til slutt fekk avskil. Han hadde da allereie ei tid vore fråteken ansvaret for hytterekneskapen. I året 1812-1813 sat han i koparverkets administrerande kommisjon, trass i at han da allereie hadde fått ei alvorleg åtvaring for å ha forsømt å sende inn rekneskapa. Så seint som i desember 1814, eit halvår før avskilen, var han utpeikt til ein kommisjon som skulle nyordne lønssystemet ved verket. Han fekk ei retrettstilling som skoginspektør i bergverkets nordafjelske distrikt, inntil embetet vart nedlagt i 1818. Han levde dei siste fire åra av ein pensjon.

Han hadde gifta seg 20. mars 1799 med Ingeborg Anna Holst, som døydde allereie i oktober 1809. Ho var fødd 25. februar 1779, dotter til eigaren av Røros gard Theodor Bergmann Holst og Anna Christine Munch Schjelderup. I folketeljinga 1801 bur ekteparet i Kirkegata på Røros. Dei har sonen Hendrik Christian på to år, og to tenestejenter i hushaldet.

Opplysningane om Rørosiske bergjegerkorps og Floers teneste der sprikjer nokså mykje mellom dei to kjeldene vi hittil har nytta. Hjå Koht 1929 heiter det at Floer var med der alt frå 1788, og at han var sjef for korpset frå 1794. I Ovenstads militærbiografiar er det derimot opplyst at korpset fyrst vart oppretta 21. mars 1791, men rett nok at Floer var med i heilt frå byrjinga. Han er registrert som sekondløytnant ved ved artilleriet det året. Ovenstad opplyser vidare at Floor fekk premierløytnants grad i 1794, og at han vart kaptein og sjef for korpsets 2. kompani (ikkje heile korpset) i 1800. Det er uvisst om Floer har fått noko militære utdanning eller opplæring utanom i tenesta i bergjegerkorpset.

Floer vart tildelt dannebrogsordenen for sine tenester under krigen 1808.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker