Snowshoe Thompson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Snowshoe Thompson fotografert i USA.
Foto: Ukjent

Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park.[1] Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død,[2] og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang.[3]

Barndom og oppvekst

Jon Rue hadde sine barneår i Luråsgrenda i Tinn.
Foto: Hans P. Hosar (2011).

Jon vart fødd på garden Sud Rue i Luråsbygde 30. april 1827. Han vart døypt i Atrå kyrkje den 24.mai samme år.[4] Foreldra var Torstein Olson Rue (Gollo) og Gro Jonsdotter Einungbrekke som hadde gifta seg i 1812. Torstein Gollo hadde vore gift ein gong før (1794) med Kjersti Rue som da eigde garden, og samme året selde dei garden til kammerherre Adeler ved Gimsøy kloster for 1412 riksdalar og vart leiglendingar på Sud-Rue.[5] Etter 15 harde år som leiglending døydde Kjersti under ein epidemi i 1809, og Torstein sat som 50-årig enkemann att med 7 barn i alderen 1-14 år. I 1812 gifta han seg på nytt med Gro Einungbrekke, og dei fekk 5 barn med Jon som den yngste. Torstein døde i 1829, 70 år gamal, og Ola, eldste sonen frå første ekteskap overtok da som brukar på Sud-Rue. Gro sat att i små kår med 5 barn i alderen 2 til 17 år. 48 år gamal flytte ho med barneflokken til ein plass under Sud-Rue som vart kalla Jordeskos (òg kalla Vårkose) Her var det Jon hadde sin barndom.

Det var ikkje lett å å vekse opp for ein familie på 6 på ein slik liten jordlapp. Her måtte alle bidra med sitt, og barnearbeid var nok heilt nødvendig for å overleva. I 7-8 årsalderen måtte Jon vera med dei eldre syskena og gjæte og kanskje sette opp rypesnarer på vinterstid til hjelp i livberginga.[6] Da måtte dei gå på ski heimanfrå og opp i lisnæret. Såleis fekk han tidleg lære seg å gå lange skiturar og kunsten med å løype ned dei bratte bakkane mot Jordeskose heimatt. Jon Haukaas seier det slik i boka hans om Snowshoe Thompson:

Livssoga hans fortel om ein tinndøl som var «fødd med arbeid» likeins som «med ski på beina».[7]

På vinterstid var ski det daglege og naturlege framkomstmidddelet i Luraas-bygde på denne tida. Trass i alt arbeidet vart det nok tid til litt skileik i blant. Da kom ungane i grenda saman og kappast om kven som var flinkast og dristigast til å stå på ski i dei bratte bakkane. Ungane såg opp til flinke skiløyparar som sette ut i uvyrdsløyper i bratte bakkar med ufs og ulende utan å falle eller å bryte skia. Sjølv om det fanst dyktige skimakarar, så var det mange som måtte lære seg å laga ski sjølv – kanskje ikke minst gutar frå plassar i små kår. Jon fekk nok tidleg innsikt og kunnskap om dette, noko som kom vel med i livslagnaden hans seinare.

Utvandring til Amerika

I 1834 gifte dei to eldste systrane seg. Kjersti (den eldste) med Halvor Åvaldson Mogen og Birgit med Gjermund Gunnulvson Baklien.[8] Familien i Jordeskose vart mindre, men små kår var det framleis. Mange tinndølar var alt på denne tida nokså vidreiste. I 1820-30 åra var det gode tider i fiskerinæringa på Sudvestlandet og fleire fann seg arbeid der. Bygda låg i skjæringspunktet for gamle ferdselsvegar mellom Aust- og Vestlandet, noko som gav grunnlag for eit vist handelssamband. Med handel og utflytting følgde òg nyheitsformidling, og gjetordet om Amerika og tilhøva der nådde såleis Tinn tidlegare enn mange andre bygdelag.[9] Brørne Anstein og Ole Nattestad frå Veggli kom i 1836 attende frå ei handelsferd til Tysvær og kom innom Rue og fortalde oppglødd kva dei hadde høyrt der. Fortellinga spreidde seg fort gjennom heile dalføret og vidare utover i Tinn, og det tok ikkje lang tid før tankane om utvandring tok fastare form.

Gro var blant dei som her såg eit høve til å få eit bedre liv i framtida for seg og barna sine. Ho ville ha med seg yngste sonen sin Jon som da var 10 år, og så håpa ho at dei to eldre syskena – Torstein (18 år) og Kari (15 år) - kunne koma etter seinare. Korleis organiseringa av utreisefølget gjekk føre seg er det lite kunnskap om, men den 17. mai 1837 stod eit følge på over 50 personar – blant dei Gro og Jon - på Sandven i Atrå klar til å gå ombord i robåtar som skulle føre dei over Tinnsjøen. Dette er det første utvandrarfølget til Amerika frå Austlandet, og med seg hadde dei det mest nødvendige for den lange ferda. På Sandven vart dei åtvara mot å reisa. Både av prosten i Aust-Telemark Søren Schive, og av lensmannen i Tinn Hans Anfindsen Bernaas, utan at det endra på noko.[10] Ferda gjekk vidare nedover Telemark til Skien der dei 22. mai gjekk om bord i fartøyet ”Paketten” med kurs for Gøteborg. Her fekk dei plass på ein svensk brigg ved navn ”Njord” og 31. mai la dei ut på ferda over storhavet. ”Njord” var eit mindre seilskip som ikkje var spesielt bygd for passasjertrafikk, så det vart ein hard og kummerleg overfart for innlandsfolket frå Tinn. Gro fortel i eit brev heim at ho var sjuk halve tida, mens Jon var sjuk ei veke. To småbarn som var med i Tinnfølget døydde på turen over.[11]

Den 15. august 1837 steig følget av tinndølar i land i New York. Herfrå drog dei vidare oppover Hudsonelva gjennom Erie-kanalen til Buffalo. Derfrå reiste dei vidare med båt over dei store sjøane og kom til Chicago først i september. Her fekk dei hjelp av nokre folk frå Stavanger og så gjekk ferda vidare til Fox River-settlementet i Illinois der dei aller fleste slo seg ned.

Dei første åra i Amerika

I Fox River, som ligg ca. 100 km sørvest for Chicago, fann dei eit tiltrekkjande landskap og møtte mange andre utvandra nordmenn. Her makta dei å skape seg eit levebrød og Gro fortel i eit brev i februar 1838 at Jon er i tjeneste hjå ein predikant som òg var sagarbeider. Løna er klær og støvlar, og han har lært seg amerikansk slik at han «hjelper seg allerede meget godt».[12] Det var Cleng Person som hadde grunnlagt settlementet i 1833, men etterkvart vart den billigaste jorda seld og dette skapte misnøye blant dei som kom seinare. Cleng Person drog da vidare for å finne nytt land og fann eit område i den nordvestlege delen av staten Missouri, i Shelby County. Gro og Jon hadde vore eit snautt år i Fox River før dei reiste saman med bl.a. Midtbøen-familien til Shelbyville. Dette settlementet var det første norske vest for Missisippi,[13] og i 1839 kom syskena Torstein og Kari etter hit. Heller ikkje her fann dei seg til rette. Rundt 1840 braut dei opp og følgde nok ein gong Cleng Person nordover til eit nytt settlement i Sugar Creek, sør i staten Iowa.

Frå dei neste åra finst det ikkje godt dokumentera opplysningar om familien. Spor tyder på at i alle fall Gro og Kari slutta seg til mormonerane og at Gro døde i 1846, 65 år gamal. Samme året var brørne Torstein og Jon i det sørlege Wisconsin. Her hadde tinndølar etablera seg i områda Muskego, Koshkonong og i Blue Mound distriktet under Mt. Horeb. Torstein slo seg ned som farmar i Springdale Township nær Mt.Horeb. Halvbroren til Jon og Torstein, Tore Røysland, hadde emigrera til Amerika i 1841, og hadde slått seg ned i eit område som heller ikkje låg så langt unna. Det var i denne tida at alle dei tre brørne «amerikanisera» etternamnet sitt til Thompson.[14] Vidare er det grunn til å tru at Jon arbeidde hjå brørne og som lausarbeider med ulike gjeremål i området her i tida frå 1846–1851. I dei 12-13 åra som var gått sidan han kom til Amerika, hadde han vakse opp til å bli ein stor og kraftig kar med praktisk erfaring på mange område. 24 år gamal var han vel utrusta til å ta fatt på si vidare livsgjerning.

California: Postberar og farmar

I 1848 vart det første store gullfunnet gjort i California, men John, som han no skreiv seg, var ikkje blant dei som kasta seg på ”gullrushet” vestover. Det var heller halvbroren Thore som etter kvart såg forretning i å dra vestover med ei drift mjølkekyr for å selja mjølk i dei nye busettingane der. Han fekk med seg John på laget og i 1851 drog dei avstad. Det heiter at Thore gjorde god forretning på mjølkesalet, men at buskapen ikkje greidde overvintringa. Han drog da tilbake til Wisconsin mens John vart verande i California.[15] Så langt skil ikkje historia til John seg særleg frå det mange andre utvandrarar opplevde, men det er dei neste 25 åra som gjorde han til den mest berømte tinndølen i USA.

John og Thore fann ei rute over Sierra Nevada og kom fram til Placerville som den gong vart kalla Hangtown, og var den mest sentrale gullgraverbyen i California. Her slo John seg til, og prøvde seg som gullgraver på eit par gullfelt utan nokon suksess. Han livnærde seg av anna arbeid som tømmerhogst, som medarbeider i forretning som selde gullgraverutstyr og han var med på å sette opp eit sagbruk i Genoa (Nevada) i 1853. Han var både arbeidsom og allsidig og skal alt vinteren i 1853 ha frakta post og varer på ski frå Carson-dalen til Sacramento. I 1854 skal John ha halde til i Putah Creek som er eit dalføre vest for Sacramento. Her dreiv han med jordbruk og skal bl.a. ha vore med og laga vatningsanlegg. Han dreiv òg med tømmerhogst og jakt, men ifølge journalisten William Wright (Dan De Quille) som møtte John ved fleire høve, var det slik at:

Han levde på eigedomen i 1854 og -55, men auga hans var alltid vendt austover – mot fjella, der snøtindane glitra mot den djupe, blå himmelen.[16]

Kanskje var naturen og fjella ein grunn til at John busette seg i dette området. Ski og fjell var han kjent med frå barndomen og truleg seinare frå Wisconsin der det fanst eit skimiljø blant emigrantane. På vinterstid med storm og store snømengder var fjella mellom California og Nevada til tider uframkomlege for vanleg ferdsel. Seinhaustes 1855 var det ei overskrift i avisa Sacramento Daily Union som lydde slik:

Hundrevis av menneske utan kontakt med omverda.

Onkel Sam treng ein postberar.[17]

Styresmaktene hadde store vanskar med å få til postsamband vinterstid mellom Placerville i California og Genoa i Carson Valley i Nevada. John melde si interesse og første turen starta 3. januar 1856 frå Placerville. Skia hans var lange og vog ca 11 kg. Han hadde ein lang stav, bar vanlege klede og provianten var tørka kjøt, pølser og nokre kjeks. Postsekken vog frå 20-40 kg, og ruta var 14-15 mil før han nådde Genoa. Noko avhengig av vær- og føretilhøve bruka han mellom 3 og 4 dagar den eine vegen, mens turen tilbake frå Carson-dalen tok 2-3 dagar. Genoa ligg vel 900 meter høgare enn Placerville.[18]

Dei høgaste toppane i Sierra Nevada ligg meir enn 3000 meter over havet. Tregrensa ligg på nesten 2500 meter, og ruta gjekk for det meste i brattlendt skogsterreng med opp til 7 meter djup snø og utråkka løyper. Mange hadde lita tru på at turen let seg gjennomføra. Frå første stund følgde lokalavisene nøye med på ferdene til John, og namnet «Snowshoe Thompson» dukka snart opp. Han vart etterkvart kjend for ferdene sine i vide kretsar. Alt i februar 1857 har vekebladet Hutchings’ California Magazine, som kom ut i San Francisco, ein lang artikkel om Mr. Thompson.[19] Vinteren 1856-57 kryssa Snowshoe Thompson Sierra Nevada 31 gonger i all slags vær. Han bar både post og småvarer med seg på turane, og ryet hans voks stadig. John var ein stor og kraftig kar med godt kjennskap til natur og fjellvett og gjekk seg aldri vill i fjella. Han var flink til å «lesa» natur og lende, var uthaldande og dyktig skiløypar i ulendt terreng. Fleire heltegjerningar som han utførte, kan ein lesa om i dei bøkene som Jon Haukaas og Halvor Kleppen har skrive om han.

Snowshoe Thompson heldt fram med postbering og frakt av varer i 20 år, heilt til han brått vart sjuk og døde i 1976. Vinteren 1858-59 starta John eit firma for vintertransport med slede og med ansvar for å halde vegen open. Etter kvart auka konkurransen om å frakte varer og post over fjella. I 1860 kom «The Pony Express» som ein konkurrent, men dette selskapet gjekk konkurs etter atten månaders drift i 1861. Samme året vart den transkontinentale telegraflinja fullført utan at dette fult ut erstatta postgangen. Utbygging av den transkontinentale jernbanen var likeins i gang gjennom 1860-åra. I 1867 kunne det første lokomotivet krysse Sierra Nevada over Donner Pass, og i 1869 møttest jernbanen frå vest og aust.[20] Frakt av varer og post vart da raskare og enklare i områda der jernbanen gjekk, men det var likevel store delar av fjellområda som framleis trong hjelp av Snowshoe Thompson og tenestane hans på vinterstid.

Minnesmerke over Snowshoe Thompson ved Lurheim i Luråsgrenda.
Foto: Hans P. Hosar (2015).

I 1859 skaffar John seg som nybyggar ein farm på 650 dekar jord i Diamond Valley på austsida av Sierra. Her byggjer han den første jordhytta (dug-out) og seinare våningshus og fjøs. Kanskje ser han at det kan vera godt å ha fleire bein å stå på når konkurransen på fraktmarkedet aukar, eller det kan vera gardbrukaren i han som kjem til syne. I 1860 deltek han i indianerkrigen med Paiute-stammen, og kjem etter ein dramatisk kamp så vidt i frå det med livet i behald. I 1864 får han selskap på farmen sin. Han hadde alt i 1853 møtt Agnes Singleton. Ho var mormon, 4 år yngre enn John og frå Preston i Lancashire England. I 1864 flytte Agnes og stemor hennar inn hjå John i Diamond Valley. Dei vart tilsette for å stelle i huset, men var òg aktive i gardsdrifta ettersom John stadig var på farten. I mai 1866 gifte Agnes og John seg, og 11. februar 1867 kom sonen Arthur Thomas til verda. I oktober 1866 vart John amerikansk statsborgar.[21]

John og familien dreiv farmen godt. Dei bygde vatningsanlegg for å skaffe nok væte til jorda, og hadde stor buskap av storfe, sau og hestar. Til tider tok dei imot leigedyr på beite. John engasjera seg òg i lokalpolitikken i distriktet, og vart i 1871 valt som utsending frå Alpine County til Republican State Convention i Sacramento.[22] Arbeidet som farmar tok etterkvart meir av tida hans sjølv om han heldt fram med postberinga, særleg i områda rundt Carson Valley. Det er ei vel kjend historie at han ikkje fekk betalt det han burde fått for postberinga si frå U.S. Postal Service. Med støtte både frå Guvernør, embetsmenn og folk i California og Nevada vart det sendt søknad til Kongressen i Washington om 6000 dollar i etterbetaling, men resultatet vart magert. Berre 750 dollar vart tilrådd innvilga, og så er det heller tvilsamt om pengane nokon gong var betalt. Grunngjevinga frå postvesenet var at det var kontraktørane på dei einskilde rutene som hadde svindla han.[23]

Ut på vårparten i 1876 vart John Thompson sjuk av det dei fleste meiner var ein leversjukdom (hepatitt).[24] Han døde 15. mai og vart gravlagt på den vesle kyrkjegarden i Genoa 18. mai. Under OL i Squaw Valley i 1960 drog heile den norske skitroppen ned til kyrkjegarden i Genoa og heidra Snowshoe Thompson - Skipioneren som utan tvil vart den mest kjende tinndølen i USA.

Her i landet blir Snowshoe Thompson heidra med eit årleg minnerenn i heimtraktene hans kvar palmesundag. Rennet går i høgfjellet frå Uvdalsfjellet til Luredalen og har hatt opp til 780 deltakarar. Hausten 2015 vart det opna ei utstilling om Snowshoe Thompson ved Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal.

Referansar

  1. Frank Tortorich 2015: s. 188.
  2. Frank Tortorich 2015: s. 202-204.
  3. Frank Tortorich 2015: s. 215-216.
  4. John Tostensen i Ministerialbok for Tinn prestegjeld, Atrå sokn 1815-1843 fra Digitalarkivet
  5. Halvor Kleppen 2015: s. 22.
  6. Jon Haukaas: 1993: s. 44.
  7. Jon Haukaas: 1993: s. 65.
  8. Einung 1953: s. 178.
  9. Andres A. Svalestuen 1972: s. 44-46
  10. Halvor Kleppen 2015: s. 35.
  11. Jon Haukaas 1993: s. 50.
  12. Halvor Kleppen 2015: s. 43.
  13. Jon Haukaas 1993: s. 56.
  14. Jon Haukaas 1993: s. 65.
  15. Jon Haukaas 1993: s. 68-69.
  16. Jon Haukaas 1993: s. 78.
  17. Jon Haukaas 1993: s. 80.
  18. Jon Haukaas 1993: s. 81 og 92.
  19. Jon Haukaas 1993: s. 82.
  20. Frank Tortorich 2015: Introduction s. 31.
  21. Halvor Kleppen 2015: s. 138.
  22. Halvor Kleppen 2015: s. 142.
  23. Frank Tortorich 2015: s. 172-175.
  24. Jon Haukaas 1993: s. 137.

Litteratur

  • Einung, Halvor H., Tinn soga, band II, nytt opplag, Kragerø 1953.
  • Haukaas, Jon, Snowshoe Thompson, Fjell-ljom Ungdomslag 1993.
  • Kleppen, Halvor, Snowshoe Thompson - Jon frå Tinn, Vest-Telemark Museum 2015.
  • Tortorich, Frank, John A.”Snowshoe” Thompson Pioneer Mail Carrier of the Sierra 2015.

Eksterne lenkjer