Synnestvedt (offisersslekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Synnestvedt er eit familienamn som på 1700- og 1800-talet vart brukt av ei slekt med eit uvanleg stort innslag av offiserar og underoffiserar i fleire generasjonar. Det gjeld etterkomarane til Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766), bondeson frå Sygnestveit i Ulvik i Hardanger, og hans fyrste kone, Johanne Henriksdotter Stub frå Kristiansand (1691-1733). Torbjørn Olavsson vart underoffiser under Elleveårskrigen 1709-1720, og sidan gjestgjevar på Sandven i Kvam. Ein av sønene deira vart offiser, ein annan sersjant. I generasjonen deretter vart fire brør offiserar. Slekta var i all hovudsak knytta til Vestlandet, med konsentrasjon i Hordaland og på Sunnmøre.

Offiserstida i Synnestvedt-ætta tykkjest ha ebba ut i andre halvparten av 1800-talet. I folketeljingane 1865 og 1900 kan vi påvise berre ein offiser blant personar med etternamnet Synnestvedt. Den eine er Ludvig Anton Synnestvedt som er ugift, pensjonert kaptein i Trondheim i folketeljinga 1865.[1]

Opp or allmugen

Frå og med Torbjørn Olavsson brukte slekta Synnestvedt som etternamn, enda om dei ikkje lenger hadde anna enn slektstilknytinga til garden Sygnestveit, men hadde fått rotfeste i heilt andre bygder og byar. Fast familienamn var på denne tida uvanleg blant allmugen, og eit nesten sikkert teikn på at familien vart rekna til dei kondisjonerte, eller at dei skilde seg ut f.eks. ved innvandringsbakgrunn, utan nødvendigvis å tilhøyre nokor overklasse. Som underoffiser og gjestgjevar skilde Torbjørn Olavsson seg allereie noko ut frå den allmugen han kom frå. Offiserane høyrde definitivt til dei kondisjonerte stender. Synnestvedt-offiserane på 1700- og det tidlegaste 1800-talet brukte jamvel stundom adelsmerket «von» (von Synnestvedt). Det hadde dei full rett til å gjere. Som offiser og embetsmann som stod i rangen hadde du eit formelt adelskap. Offiserane hadde jamvel fått spesielt kongeleg løyve til nettopp å nytte «von» i namnet.[2]

Under krigane på 1600-talet, og ikkje minst under den store nordiske krigen dei fyrste to tiåra på 1700-talet, vart behovet for befal mykje større enn det den tradisjonelle verjestanden, adelen, kunne forsyne kongen med. Mange offiserar kom frå Tyskland og Danmark, gjerne med heller smålåten sosial bakgrunn. Så var det ein del dugande krigarar i rekkjene av bondesoldatar som vart gjevne opplæring fyrst og fremst som underoffiserar, og som i somme tilfelle vart opphøgde i offisersstanden. Eller spranget inn i offisersstanden kunne gjerast over ein generasjon: ein bonde som vart underoffiser hadde søner som vart offiserar. Det var altså tilfelle med slekta frå Sygnestveit.

Ein meir eksklusiv embetsstand

Seinare på 1700-talet utvikla offisersstanden seg til å bli ein embetsetat, ein integrert del av det stadig fastare organiserte statsbyråkratiet under det seinare eineveldet. Offisersstanden vart meir og meir sjølvrekrutterande, dvs. at det var offiserssøner som vart offiserar, slik det også vart etter ein eller to generasjonar i Synnestvedt-slekta. Elles fekk offisersstanden tilsig av nye offiserar frå den sivile embetsstanden og litt frå det høgare borgarskapet. Ikkje minst henta mange offiserar ektefeller frå desse ikkje-militære kondisjonerte stender. Det ser ein også mange døme på i Synnestvedt-slekta.

Alle offiserane vi har kjennskap til med namnet Synnestvedt har vore knytta til hæravdelingar og embete i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal eller Trøndelag.

Slektsoversyn

Far til Torbjørn Olavsson var Olav Torsteinsson (1645-1709) frå Torblå i Ulvik. Mora varAnne Torkjellsdotter (1652-1742), enkje på Sygnestveit. Dei to hadde gifta seg i 1674, og dei var gardbrukarar på garden hennar. Dei fekk 10 born, og Torbjørn Olavsson Synnestvedt var nummer sju i syskenflokken var. Frå og med Torbjørn Olavsson ser slektstavla slik ut, der offiserar og underoffiserar er utheva:

A. Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766), underoffiser, gjestgjevar, fødd på Sygnestveit Ulvik, busett fyrst på Kaldestad i Kvam i Hordaland, så frå 1726 på Sandven (Grovi) i same bygda. Gift 1. gong 1719 med Johanne Henriksdt. Stub frå Kristiansand (1691-1733). Gift 2. gong 1736 med Maritha Johannesdt. Aarhus (1693-1771), Kvam.

Born B.1-4:

B.1 Olav (1720-1773), ugift, på Tysse i Samnanger.
B.2 Ludvig Torbjørn Synnestvedt (1724-1799). Offiser. Fødd i Kvam 1724, død på Relling i Norddal 1799). Gift 1. gong 1747 med Gjertrud Johanne Urbanusdt. Gietzman (1722-?), Gjermundshamn i Kvinnherad. Ho var dotter til gjestgjevar Urbanus Ottesen Gietzman (1690-1741) og Dorothea Christiansdt. Lamberg (1697-?)Gift 2. gong 1776 med Anne Elisabeth Hansdt. Reutz, Norddal, dotter til gullsmed og bonde Hans Jørgen Magnussen Reutz på Engeset (1706-1766) og Agneta Cecilia Foss (1703-1786)
Born C.1-9:
C.1 Karen (1749-1840), ugift
C.2 Torbjørn Ludvig Synnestvedt (1754-1829). Offiser. Fødd på Odland i Samnanger, død i Bergen. Gift med Sofie von Tauentzien (1761-) (dotter til major Hans Jørgen Tauentzien og Marie Frederikke Cool eller Kroll.)[3].
Born: D.1
D.1 Hanna Frederikke (1796-?)
C.3 Otto Christian Synnestvedt (1756-1830). Offiser. Fødd i Os, død på Lønning i Fana. Gift med Anna Magdalena Milling.
Born: D.1
D.1 Peder, (ca. 1793-etter 1874). Gardbrukar på Lønning i Fana. Gift 1. gong med Johanna Slyder. Gift 2. gong med Pauline Magdalena Walter.
C.4 Dorothea, død i Norddal 1818, ugift.
C.5 Johanne, gift og fleire born.[4]
C.6 Hans Jørgen Reutz Synnestvedt.(1777-1841), offiser, stortingsmann, vegmeister, krigskommissær, fyrste ordførar i Bolsøy (nåverande Molde kommune). Gift 1803 med Marie Gertrude Nicolaidt. Astrup (1780-1827) dotter av sokneprest i Ørskog Nicolai Astrup.
Born D.1-10
D.1 Nicolai Synnestvedt. Offiser og eller sivil embetsmann. [5]
D.2 Ludvig Anton Synnestvedt (1804-?). Offiser. Ugift.
D.3 Cicilie Margrethe, (ca. 1806-?)
D.4 Magnus Urbanus (1807-?) [6]
D.5 Torbjørn Christian. Student ved skifte etter bestemor Astrup 1829. Fut i Solør.
D.6 Niels Diedrich.
D.7 Ulrikke Mathilde, (ca. 1812-?)
D.8 Hanna Marie, (ca. 1813-?)
D.9 Kristine Margrethe (ca. 1818-?)
D.10 Henninge Dorothea (ca. 1823-?)
C.7 Cicilia Margrethe (1778-1779)
C.8 Cicilia Margrethe (1780-?)
C.9 Magnus Urbanus Synnestvedt (1784-?). Offiser, København.[7]
B.3 Henrik Synnestvedt (1727-?). Sersjant. Lyssand i Os. Gift 1. gong 1757 med Kari Olsdt. Lyssand (1722-1762). Gift 2. gong 1764 med Marie Enersdt. Vold (ca. 1730-?)
Born C1-2.
C.1 Torbjørn (1759-?). Soldat i Kystvernet 1804, gift 1792 med Kristi Olsdt. Borgen (1769-).
C.2 Agata (1760-?). Gift 1795 med sersjant Jon Larsson Rønne.
B.4 Anna Barbara (1733-?) g.m. Stig Olavsen Børve.

Kjelder og litteratur

  • Giske, Louis: Ørskog gjennom tidene. III. Ættesoga. Ørskog sparebank 1990.
  • Kjølås, Gerh. Og Waksvik, E.O.: Ørskog gjennom tidene. II Gards-soga. Ørskog sparebank 1969.
  • Kolltveit, Olav: Granvik, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid. Bygdesoga bd. I. 1977.
  • Norddal bygdebøker bd. V: Ættebok for Norddal, del II.
  • Olafsen-Holm, Jørgen: Bolsøyboka. Annen del. Oversikt over Bolsøy herreds gårder og deres historie. Molde 1948.
  • Olafsen-Holm, Jørgen: Bolsøyboka. En natur- og samfunnshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred. Molde 1976.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Torpe, L.H.: Ættarbok for Kvam. Bind I. Vikøy sokn. Kvam herad 1958. 2. utgåve 1980.
  • Tveit, Nils: Os. Eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no. Band I. Bygdesoga. Bergen 1960. Band III. Gards- og ættesoga. Bergen 1964.
  • Ulvik. Gards- og ættesoga. Bd. 1. Almennsoga og ein del av gards- og ættesoga. Ulvik 1987.
  • Vaage, Erling: Kvinnherad. Gards og ættesoga. Band 2. Soknene Ølve, Hatlestrand, Ænes. Kvinnherad kommune 1987.

Referansar

  1. Ludvig Anton Synnestvedt i folketeljinga 1865 for Trondheim frå Digitalarkivet.
  2. Bilsted, H.F. 1904.
  3. Ovenstad
  4. Norddal 1997:598
  5. Olafsen-Holm, J. 1948:344: premierløytnant, flytta til Frankrike. Kjølås/Waksvik 1969:323student ved skiftet etter bestemor Astrup 1829
  6. Kjølås/Waksvik 1969:323: ”f.t. i Frankrike” ved skifte etter bestemor Astrup 1829
  7. Norddal 1997:598