Bruker:Oddvar Høydalsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austefjorden_vestover_fra_Gjersdalshornet
Delenamn i færing

Oddvar Høydalsvik f. 1951: Oppvaksen på bratt småbruk i Austefjorden i Volda kommune, denne perioda med notbruk og bygging av færingar og nokre mindre notbåtar som attåtnæring. Utdanning som landbruksmaskinmekanikar og teknikar, mekaniske fag


Har arbeidd som matros eller lignande på sandskute, med produksjon av betonganlegg, som avd.styrar på lokalt samvirkelag og med reparasjon, salg og til slutt undervising i vidaregåande skule i landbruks- og anleggsmekanikarfag


Samarbeidsprosjekt på lokalhistoriewikien med bakgrunn Austefjord Museumslag og Austefjord Museum er:

- om båtar og båtbruk med tilhøyrande utstyr der ein finn lokale folk i aktivitet, eller med lokal eigarskap

- gamle motorar og maskiner (arbeidsmaskiner), helst tilhøyrande i distriktet

- reiskap og utstyr til praktiske arbeidsoppgåver

- arbeidsoppgåver der lokale personar eller firma er involverte

- bilete brukt i artiklane er frå Austefjord_museumslags_bildesamlinger (sjå Kategori under), eigne bilete, eller frå andre interesserte

Døme: Liste over artiklar om sjøfart og fiske tilknytt Volda kommune og Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk


Oversikt over aktivitetar på wikien: Bruk Kategoriar nedst på sida her, og Bidrag Oddvar Høydalsvik


Logo Til Forbundet KYSTEN.jpg Denne brukeren er knyttet til prosjektet Tradisjonsbåtregisteret.