Karl Hagerup (1859–1958)
Karl Hagerup (fødd 16. januar 1859 i Frosta, død 1958) var lærar, venstrepolitikar og stortingsmann.
Han var son av gardbrukar Aage Hagerup (f. 1817) og Mette Hagerup (f. 1820).
Han vart gift med Hanna f. Juberg (1858–1948). Dei budde på garden Mære i Sparbu, som no er ein del av Steinkjer kommune. I 1910 finn vi Karl Hagerup ført både der og i Kristiania, der han som stortingsrepresentant hadde ein hybel i Oscars gate 32.
Kjelder
- Karl Marius Hagerup i folketelling 1920 for Sparbu herred fra Digitalarkivet
- Karl Hagerup i Historisk befolkningsregister.
|