Tustna kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tustna kommune er ein tidlegare kommune på Nordmøre. Tustna vart utskilt frå Edøy formannsskapsdistrikt som eige formannsskapsdistrikt den 1. januar 1874 i samband med at Gullstein kyrkje vart bygd og Tustna, som inntil da hadde lege under hovudsoknet av Edøy prestegjeld vart utskilt som eige sokn og lagt til Halsa prestegjeld. Tustna formannsskapsdistrikt inkluderte øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya med unntak av Vinsternes. Den delen av kommunen som låg på Ertvågsøya vart lagt til Aure kommune den 1. januar 1965. Tustna kommune vart samanslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.