Samnanger kommune
Samnanger kommune ligg inst i Samnangerfjorden, med Bergen i vest, Voss og Vaksdal i nord, Kvam i aust og Os og Fusa i sør. I 2009 vart det registrert fleire busetjingsspor frå bronsealder/jernalder på Ytre Tysse i Samnanger. Men det er funne ein flintdolk, flintsigder og ei diabasøks i bygda. Det har i tidlegare tider vore drive jordbruk, småhandtverk, jakt og fiske. I eldre tid gjekk ferdsel og handel mest sørover ut fjorden, men etter at jernbanen kom, og det vart bygd ved til Trengereid, auka kontakten med Bergen. På 1600-talet var det mykje handel med Skottland.
Samnanger | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1242 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Tysse |
Areal | 10.91 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 10.91 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
I moderne tid har vasskrafta hatt mykje å seie. Sist på 1800-talet starta Samnanger Ullvarefabrikk med kraft frå Tyssefossen. Fabrikken brann til grunnen i 1931. I 1941 bygde SAFA ny ullvarefabrikk på barnntomta og har seinare vore ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. Safa er den einaste fabrikken i sitt slag som har greidd konkurransen og er i full drift i Norge. Tidleg på 1900-talet bygde Bergen lysverker ut Samnangervassdraget, etter initiativ frå m.a. O. W. Fasting og Christian Michelsen. Vassdraget leverar no omlag 20 % av vasskrafta til Bergen kommune, og står igjen foran ei større utbyggjing.