Tysse
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tysse er administrasjonssenteret i Samnanger kommune i Midthordland, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det er ein del av tettstaden Haga, som har 1068 innbyggjarar (2019). Tysse ligg der Tysseelva (Samnangervassdraget) renn ut i Samnangerfjorden. SAFA Samnanger Fabrikker har hovudsetet sitt her.
Stadnamnet Tysse er opphavleg eit elvenamn og kjem truleg av norrønt þuss, þurs, «tuss, troll»
Kjelder og litteratur
- «Tysse» i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2019.