Hans Dedekam (1872–1928)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hans Dedekam (fødd 1872 i Kristiania, død 1928 i Oslo) var kunsthistorikar og museumsmann. Foreldra var byråsjef Hans Ellefsen Dedekam og Thora Wilson.
Dedekam vart cand.mag. i 1898 og arbeidde eit par år som assistent ved Nasjonalgalleriet. I 1900 vart han tilsett som assistent og bibliotekar ved Kristiania Kunstindustrimuseum. Der arbeidde han til han i 1909 vart direktør for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondhjem etter Jens Thiis. I 1919 vart han direktør for Kristiania Kunstindustrimuseum.
Hovudverket hans er Hvitsøm fra Nordmør (1914), eit stort, plansjeverk, der han i innleiinga gjev interessante tilskot til forståinga av tilhøvet mellom europeisk stilkunst og norsk folkekunst.
Kjelder og litteratur
- Brøgger, A.W.: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind III. Oslo 1926.
- Durban, Arne: artikkel i Norsk allkunnebok band III. Oslo 1952.
|