Thiman Børlum
Thiman Børlum (fødd på Jonsrud i Sandsvær 23. desember 1853, død Notodden, 1922) var fotograf.
Børlum arbeidde i Sølvgruvene på Kongsberg, men i 1885 kom han ut for ei arbeidsulykke. Han måtte slutte i arbeidet, og fekk pensjon.
Han blei fyrste gong introdusert for eit fotoapparat då han traff to menn som hadde teke dette med seg frå Christiania. Børlum fatta raskt interesse for dette, og i 1902 reiste han til hovudstaden der han vitja fotograf Nerlien og kjøpte seg utstyr for 2000 kroner.
Børlum var glad i naturen, og mange av motiva er frå turar i Sauheradfjella. Fotosamlinga dokumenterer elles gardslivet i Sauherad, og dei fleste fotografia stammar frå perioden 1902-ca. 1915.
Då Børlum blei eldre flutte han til Notodden der han busette seg med nevøen Arne Saga. Han døydde i 1922, og blei gravlagd på Hedenstad kyrkjegard i Øvre Sandsvær.
200 fotografi blir oppbevart ved Telemark Museum.
Kjelder og eksterne lenker
- Braaten, Torstein, Den gamle stulen : fotodokumentarisk skildring frå Sauherad kring hundreårsskiftet, Sauherad, 1978. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Oppføring på Digitalt Museum.