Bø Hornmusikk
Bø Hornmusikk arkiv | |
---|---|
Arkivinstitusjon: | Bø Museum |
Frå år: | 1949 |
Til år: | 1965 |
Fylke: | Vestfold-Telemark |
Kommune: | Midt-Telemark |
Stad: | Bø Museum |
Digitalt innhald: | Arkivkatalogen |
Ideen var alt komen i 1948 frå Arne Waldestrøm 20. juni 1949 er fyrste registrering av styret som gjev ut eit skriv til bygdefolket.
Det var læraren på Framhaldskulen Arne Waldenstrøm som var sentral i oppstartingen. For han var det mogeleg å sjå kandidatar blant elevane sine. Han hadde også god kontakt med realskulen og gymnaset der det var nokon som var interessert i å vera med.
Bø musikklag byrja med pengeinnsamling, med loddsalg, skytebane, gjennomgangslodd og kveldstrekningar.
Fyrste arrangement var på Sandvin 15-16. april 1950.
I perioden fram til avslutninga i 1960, har det vore ca 25 personar aktive med . Det var skulelevar og vaksne frå bygda og gymnase- og realskueelevar som gjekk på skulane i Bø. Me spela fast i Bø 1. og 17.mai , men også i Sauherad, Lunde , Helgja, og Seljord.
Pengar til instrumenter var det lita av , slik at støttekreftene i bygda var gode å ha. Av og til måtte deltakarane sjølv legge ut for korpset Instrumenta vart i i 1960 gjeve til skulekorpset som starta opp og fleire deltakare fortsette der med Hans Strandberg i spissen