NEG 76 Dei "kloke"
NEG 76 Dei "kloke" er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Dei "kloke". Utsendar var Olav Bø. Spørsmåla i denne spørjelista har samanheng med dei som er spurt i NEG 80 Folkemedisin frå same året.
Innhaldet i spørjelista
Dei ”kloke”
Folkemedisinen bygger på utgammal grunn. Det ligg tusenårs røynsle bak mange av dei rådene som vart nytta mot sjukdom, anten det no var helsesame urter eller lækjande vatn. Ved sida av desse meir rasjonalistiske rådene levde magien. Magiske råder har vori nytta like inn i vår tid, oftast i ei eller anna omkledning. I fleire hundre år har dessutan den gamle lærde medisinen gjennom prenta skrifter hatt stor innverknad på folkeleg lækjekunst. Svartebøker og avskrifter av dei har likeins spela ei stor rolle.
Slik som den folkelege lækjarkunsten tedde seg på 1800-talet var den eit konglomerat av folkeleg og lærd tradisjon, der det ofte kan vere vanskeleg å finne fram til alle medverkande drag. Nokre av dei gamle lækjerådene var nok allment kjende, men i kvar einaste bygd mest var det folk som var meir kunnige enn andre. I daglegtalen vart dei kalla ”kloke”. Mange av dei var kjende vidt i kring, og folk søkte til dei for alle slag sjukdomar. Lenge var det slik at dei sjuke heller gjekk til dei enn til doktoren, både for di det var billegare og for di dei hadde større tiltru til dei kloke. Ein kækjeprosess er alltid eit samspel mellom det kroppslege og det sjelelege, og dei kloke hadde i regelen sterk evne til å trøyste dei sjuke og få dei til å tru at alt var gjort som gjerast kunne.
I folketradisjonen og i mange slag fortellingar lever minnet om kloke folk, kvinner og menn. Ein god del er samla, men mykje finst sikkert enno att. Det ville vere over lag verdfullt å få samla så mykje som mogeleg av dette tilfanget som kan kaste lys over den gamle folkemedisinen. Vi ber Dykk derfor fortelle oss om kloke kvinner og menn som har levt eller lever i Dykkar bygd og i grannebygdene, og som folk i Dykkar bygd har søkt eller søker til. Vi vil gjerne få vite namnet deira, kvar og når dei levde (helst med nøyaktige årstall om det er mogeleg), deira personlegdom og miljø, kvar og korleis dei hadde lært kunsten og om dei hadde særlege føresetnader for den verksemda dei dreiv. Det er framifrå om De kan skaffe eit fotografi. Dersom De ynskjer det, kan vi fotografere det av her og sende det tilbake.
Av særskild interesse er det vidare å få opplysningar om korleis dei kloke kvinnene og mennene verka, kva sjukdomar dei tok på seg å lækje og korleis dei gjorde det, helst med konkrete døme som De kjenner. Når vi da har fått inn dette første tilfanget, vil vi gjerne få kome tilbake til emne i ei meir utførleg og systematisk spørjeliste.
Brukt i publikasjonar
- Weiser-Aall, Lily Svangerskap og fødsel i nyere norsk tradisjon Oslo 1968. 303 s.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
Emne: Dei "kloke" (ekstern lenke til spørjelista)