NEG 33 Stallen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. sep. 2022 kl. 08:42 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (lenke, onlyinclude, satt inn bilde, kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Veslebrunens stall i Damstredet 1, Oslo.
Foto: Halvor Vreim (1960).

NEG 33 Stallen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1951 med tittel Stallen. Utsend var Hilmar Stigum.

Introduksjon til spørjelista

Meiningen med denne emnelista er å få fram korleis hestestallen har vore i gamal tid og korleis stalltypen har vakse fram. Vi har kjennskap til fleire stalltypar, men har ikkje oversyn over den geografiske utbreiinga av dei einskilde typane. Det kan og finnast typar vi ikkje kjenner til. Heller ikkje namn og detaljar har vi mykje greie på, serleg gjeld det innreiinga, men og utsjånaden.

På skissene som fylgjer, ber vi Dykk gjera alle rettingar De kan koma på, så sant De kjenner vedkomande typar. Kjenner De andre typar, må De gjera vel og teikna opp dei med, teikna inn glas, møkglugg, krubbe, plass for selar osb.

Sjå også

Eksterne lenker

Emne: Stallen (ekstern lenke til spørjelista).