Kristen Andersson Ormbergstøl
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mal:Thumb høyreKristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar (1902-04) i Jostedalen. Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christiansson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar. Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912.
Kristen gifte seg 1882 med Johanne Kristiansdotter (1863-1954) frå Espe. Dei fekk 13 born.