Klokkargarden (Fyresdal)
Klokkargarden Gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.
På 1700talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart ei slette bortunder Klokkarhamaren tilvist klokkaren og dette vart ein husmannsplass under Prestegarden.
Den fyrste klokkaren var ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene og skulemeister. Her på Klokkargarden vart den fyrste skulen i Fyresdal kommune halden. I 1869 vart så skulehuset Meinstad bygd som kombinera skulehus og bustad for klokkaren som og framleis var skulemeister.
I 1915 fekk professor Alexander Bugge feste for 99 år mot ei årleg festeavgift på kr. 120. Dette festet tok landhandlaren Tjostov Jonson Kiland over i 1917. Han dreiv Klokkargarden og fekk i 1923 meir jord frå Prestegarden. Klokkargarden er i 2011 i privat eige.
Kjelder:
- Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.