Klokkargarden (Fyresdal)
Klokkargarden, gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.
Halvor Johannesson Spranget (1734-1809) frå Seljord kom til Fyresdal som klokkar og kyrkjesongar i 1766. Som bustad for seg og familien fekk han rydde seg ein plass på ei slette bortunder Klokkarhamaren som med det vart husmannsplass under prestegarden, Moland gnr. 36/1. På teikninga av Linnae frå 1829 ser ein bygningane på plassen i bakgrunnen
Ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene Moland, Heggland og Veum, var Halvor og skulemeister, og det vart difor i 1777 satt opp ei skulestove på plassen. Her vart då den fyrste faste skulen i Fyresdal.
Etter Halvor kom sonen Knut Halvorson Klokkargarden (1773-1824) som kyrkjesongar og skulelærar, og som den siste i rekka var Knut Alvson (1801-1864) frå Espelia. Anne Marie Hansdatter (1830-1902) sat som husmannsenke til ho døyde. Plassen hadde då mista sin funksjon som bustad for klokkarane og her var i staden innerstar og leiglendingar som bruka jorda. Den faste skulestaden vart etter kvart Meinstad gnr. 38/1 der det vart bygd nytt skulehus i 1869.
Professor og historikar Aleksander Bugge var av fleire grunnar på jakt etter eit bruk å busette seg på i Vest-Telemark, og leigde seg fyrst inn i hovudbygningen på garden Lunden i Hegglandsgrend i 1913..Valet på framtidig bustad fall på Klokkargarden der han fekk feste for 99 år i 1915. Det var bygd nytt gardstun nærare prestegarden, og den tidlegare skulebygningen vart flytta hit. Som påbygd og ombygd vart det hovudbygningen her slik den framleis er i 2025. Stabburet frå plassen Bukta gnr. 2/3 under Vik gnr.2 vart flytte hit i tunet, og det vart bygd nytt uthus. Av fleire grunnar vart ikkje Bugge verande lenge i Fyresdal, men flytta fyrst til Kviteseid i 1917 og deretter vidare til Oslo. Festet på plassen tok Tjostov Jonson Kiland (1872-1957) over i 1917. Han og kona dreiv Klokkargarden og fekk i 1923 leigd meir jord av prestegarden. Garden er i 2025 framleis i privat eige.
Biletgalleri
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Bringa, Olav Rand: Kor låg eigentleg den fyrste, faste skulen i Fyresdal? "Sjå deg attyvi". Fyresdal sogelag 2019.(s. 69-77.)
- Lie, Torbjørg: Brev til «Decorah-Posten» 1890-1922. Red. Øyvind Gulliksen. Fyresdal Sogelag. –«Sjå deg attyvi»- 1996 (s. 57-59)
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
- Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. (s. 121)
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
- Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.