Meinstad skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Meinstad skulehus
Meinstad skule i Fyresdal vart bygd 1869 og der var skule fram til 1905 då Gimle skule vart bygd. Bygningen hadde skulestove og husvære for kyrkjesongar og i tillegg eit rom med store vindaugo disponera av kommunen. Teikningar frå 1866 er mykje i samsvar med Feragen sin illustrasjon av 1861 i Den Norske Folkeskole. På teikninga står det:

Rids til nyt Skolelokale med Familiebolig for Kirkesangeren som tillige er Skolens Lærer.

Der er og eit kostnadsoverslag.
Teikninga frå 1866 med skulesal, kommunelokale og husvere for læraren.
Her er mellom anna kostnadsoverslag for bygginga av skulehuset.
Meinstad skulehus med stabbur sett bakfrå. Det store vindauget høyrer til «Communelocale».

Slik bygningen står i 2011 er der nye golv i fyrste høgda, elles er skulesalen intakt. Dei andre roma i fyrste er kledd, litt endra. Gangen oppe, dei to soveroma i gavlane, kotta på sidene, alt der ser ut til å vere uendra. Frå 1905 har bygningen vore nytta til ulike formål, i 2011 er der mellom anna diverse kontor for kyrkja.

Sjå og

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Mydland, Leidulf: «Skolehusene» i Fortidsvern 1/2007.
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.