Andersklubben under Helsem
Hopp til navigering
Hopp til søk
Andersklubben var ein husmannsplass under garden Helsem og låg nede ved Storfjorden lengst sør i Helsemvika. Andersklubben er ein bergskolt ved Storfjorden. Namnet skal den i fylgje bygdeboka for Stranda ha fått etter ein Anders Olsen Kjelstad (1764-) eller Klubbe-Anders - ein husmann frå nabobygda Sunnylven som budde på plassen. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. I folketeljinga 1825 var Anders Olsen og kona Anne registrert som husmenn under garden Helsem. Det er uvisst når plassen blei lagt ned.
Litteratur
- Kjølås. Gerhard 1954: Stranda bygdebok I Gard og Grend, 1992.
- Solli, Arne 1995, Individ - hushald - samfunn : fisk og jord som grunnlag for hushaldsetablering i Noreg kring år 1800, Bergen 1995.