Andersklubben under Helsem
Hopp til navigering
Hopp til søk
Andersklubben under Helsem | |
---|---|
Andersklubben ein småkald vårdag | |
Stad: | Stranda |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Stranda |
Gnr.: | 18 |
Andersklubben var ein husmannsplass under garden Helsem og låg på ein bergskolt ved Storfjorden lengst sør i Helsemvika i Stranda kommune på Sunnmøre. Namnet skal den i fylgje bygdeboka for Stranda ha fått etter ein Anders Olsen Kjelstad (1764-) eller Klubbe-Anders - ein husmann frå nabobygda Sunnylven som budde på plassen. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. I folketeljinga 1825 var Anders Olsen og kona Anne registrert som husmenn under garden Helsem. Det er uvisst når plassen blei lagt ned.
Litteratur
- Kjølås. Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954.
- Solli, Arne, Individ - hushald - samfunn : fisk og jord som grunnlag for hushaldsetablering i Noreg kring år 1800, Bergen 1995.
Eksterne lenker
- Helsem i folketeljinga 1865 for Stranda prestegjeld frå Digitalarkivet.