Haukeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. aug. 2024 kl. 16:32 av Kjartansk (samtale | bidrag) (Små rettelse og lagt til lenke)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

I en beskrivelse av stedet Haukeland står det (Unneland m.fl., 1944, s. 9 og 10):

Haukeland samvirkelag ligg ved Haukeland stasjon i Langedalen, 18 km. frå Bergen.

Dalen, som går i nordaustleg leid frå Nesttun, er svært trong i fyrstningi. Jarnvegen går gjennom mange tunellar, og køyrevegen krokar seg i mange svingar langs det djupe Grimevatnet. Men når ein kjem nordover til Bratland, vert det romslegare. Dalen vidar seg no snøgt ut til ein stor kvelvingmed 6-800 m. høge fjell på mest alle sidor. Midt i denne kvelving ligg Haukelandsvatnet med mange små viker og bukter og skog- eller graskledde nes.

Omkring dette vatnet og lenger frå i smådalar ligg 17 gardar med ikr. 80, etter vestlandsforhold nokso lettdrivne gardsbruk. Ovanfor og ikring heimebøen er gode beiter og lengre oppe er bratte skog- eller graskledde lider.

Bruki er millomstore, med ein fødnad frå 5-15 kyr, 1 hest og 8-12 sauer.

Her er ikkje skog ein kan selja, berre lauvskog til husbruk, heller ikkje er det vanleg at folk er med på fiske ut med kysten, so jordbruk feal med noko grønsakdyrkning vert det som gjeve bøndene innkoma.

Jordi vert difor etter måten godt drevi, og bøndene legg vinn på å ala seg til god budskap, so dei kan senda mest mogeleg mjølk til Haukeland Meieri.

Ellers bur mange arbeidarar ikring Haukeland stasjon. Dei har kjøpt seg grunn og bygt seg unelege heimar med hagar ikring. Men arbeidet sitt har dei oftast i og ved Bergen eller i Janus trikotasje-fabrikk på Espeland, som ligg 3 km. nord for Haukeland. Dei kan då reisa til og frå arbeidsstaden med toget.

Haukeland er etter kvart meir og meir vorte ein stad der det ferdast mykje folk. Det er ikkje berre bygdefolket om reiser og kjem. Mange bergensarar tok ogso vegen her framom både sumar og vinter. Serleg om vinteren og tidleg om våren, når snøen ligg i fjelli, reiser tusenvis av skilauparer med toget til Trengereid sundagsmorgonane, går over det 1000 m. høge Gullfjell, der vegen er oppvarda, og kjem om ettermiddagen nedover att til Haukeland stasjon og tek toget til Bergen. Eller ofte går dei av toget på Haukeland om morgonen og tek austetter Gullfjellet den vegen.

Mange reiser med bilar oppover og nedover, so langt som det er framkande med slike køyregreidor. Det kan ofte vera hundrevis med bilar mest på same tid, so der er vaskeleg å koma fram på dei smale bygdevegar, som ikkje er tenkt til slik ferdsla.

Dette er skrevet av Anders Unneland i 1944 og er å finne i boka "Haukeland samvirkelag gjennom 25 år - 1919-1944". Beskrivelsen er historisk interessant da denne perioden kanskje kan anses som en storhetstid for Haukeland. Beskrivelsen har også vært nær ved å gå tapt da den kun er å finne i et lite hefte fra 1944. Festskriftet er på 31 sider og var laget til 25års-jubileet til det lokale samvirkelaget. Samvirkelaget på Haukeland var tidlig ute med kvinnelig leder allerede i 1919. Bestyrerrinden het i følge festskriftet; fru Signe Ottesen. Haukeland befinner seg i det som nå heter Bergen kommune. Toget har etter hvert funnet seg en raskere vei gjennom fjellet og bilene har fått større motorvei om Åsane. Haukeland er derfor mindre travel enn det var i 1944.

Haukeland var i 1944 en del av Haus kommune. Haus kommune ble til Arna kommune i 1964 og en del av Bergen kommune i 1972.

Kilder

  • Anders Unneland, Rasmus Unneland, Johannes Romslo og Ole Ottesen (1944). Haukeland Samvirkelag gjennom 25 år - 1919-1944. Nemndi til Haukeland samvirkelag (I "Fyreord" til boken står det at den ble skrevet i hovedsak av Anders Unneland i samråd med de tre andre. Disse fire omtales samlet som "Nemndi".)