Tausaskjeret
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tausaskjeret er lokalisert utanfor Remmingen i Smøla kommune på Nordmøre. Det ligg nordaust for Glasøya, og høyrer inn under garden Hellesfjord.
Segn
Tausaskjeret har ei segn knytta til seg: To jenter ("tauser" på nordmørsk) hadde rodd ut til skjeret for å skjera tang. Men dei hadde fortøydd båten så dårleg at han flaut vekk. Dei ropa om hjelp, men folk som høyrde ropa trudde det var fugleskrik, og tok ikkje notis av det. Dei to jentene vart ståande på skjeret til det vart flo sjø. Då var det inga redning lenger, og dei drukna.
Song
Smølværingen Eva Peggy Stensønes (f. 1952) har dikta ein gripande song med utgangspunkt i denne segna. Songen er med på CD-plata "Tausaskjær", som vart utgjeve i 1998.
Kjelder
- Smøla bygdebok, band 2. 1983 (?)
- Kulturnett: Eva Peggy Stensønes