Ingeborg Håkensen Lindholm
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mal:Thumb høyre Ingeborg Haakensen Lindholm (fødd 17. desember 1899 i Jostedalen, død 8. juni 1989 i Østre Toten) var dotter av Jetmund Olsen (1875-1960) og Sigrid Nilsdotter Ormberg (1866-1948). Då Ingeborg vaks opp, budde familien som innerstar hjå besteforeldra på garden Ormberg i Jostedalen.
Ho flytta i mellomkrigsåra til Nordlia på Toten, der slektningar frå Jostedalen alt hadde slege seg ned. Ingeborg fekk arbeid som budeie på garden Stor-Nøkleberg og gifta seg i 1941 med Hans Haakensen (1893-1993), oppvaksen i grannelaget. Ekteparet, som fekk sonen Håkon, budde i huset Linnholm (Lindholm) nedanfor Nøkleberg. Hans arbeidde mellom anna som bygningssnekkar.
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1900 for Jostedalen
- Folketeljinga 1910 for Jostedalen
- Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band V- Jostedal sokn, Luster kommune 1994, s. 109-110.
- Opplysningar frå Ole Edvard Leirdal, 29. august 2012.