Pollfoss hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pollfoss hotell ca. 1905. Bjørnstjerne Bjørnson ved inngangen.. Foto: Ukjent.

Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygd i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.

Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss.

Hotellet har i dag 26 gjesterom, og blir drive på heilårsbasis. Tidlegare har det mest vore halde ope for gjestar i sommarsesongen og i påskene.

Pollfoss hotell ca. 1910. Foto: Ukjent.

Skysstasjon

I 1890 inngjekk gardbrukaren Chr. A. Hjelter kontrakt med staten om å halde skysstasjon og gjestgiveri ved Pollfossen i juli og august månad kvart år. Dette kom i staden for Pollmoen like i nærleiken, som til da hadde vore nytta som mellomstasjon mellom skysstasjonane Lindsheim nede i bygda og Grotli oppe på høgfjellet.

Etter kontrakten frå 1890 skulle det haldast fire faste hestar med tilgjengelege skyssgutar, og stasjonshaldaren skulle syte for godt losji til dei reisande. Kontraktstida var eitt år om gongen, og båe partar hadde oppseiingsfrist på seks månader. Samla offentleg driftstilskot var på 400 kroner årleg.

Eigarar og drift fram til andre verdskrigen

Hjelter satsa vidare og reiste ein ny, stor hotellbygnad som stod ferdig i 1897. Han var ein verdensvant herre med eit stort nettverk, mellom anna som medlem i Den Norske Turistforening. Han var politisk aktiv, og hadde mellom anna vore ordførar i bygda.

Hjelter fekk gratis tømmer frå Skjåk Almenning til å byggje ein stall til åtte-ti hestar, mot at bygdefolk på skogsarbeid om vinteren fekk fritt losji og stallrom der.

Skogsdrifta i Billingsdalen har til tider hatt økonomisk betydning for hotellverksemda. Det gjaldt særleg under store tømmerdrifter under og rett etter fyrste verdskrigen. I 1920 var det over 100 tømmerhoggarar i Billingsdalen, ein god del av dei innlosjerte på hotellet, og nå ikkje lenger under skysstasjonavtalen om gratis losji.

Chr. A. Hjelter døydde i 1926. Ei tid dreiv enkja Magnhiild hotellet vidare. Men i 1929 overlet ho det til dottera Kristine og mannen hennar, Robert Bøye, drifta. Dei fekk kjøpt tomta, som til da hadde vore festetomt, av Skjåk almenning. Drifta gjekk ikkje så bra for dei, og verksemda gjekk konkurs to år seinare. Kristine og Robert Bøye byrja da som bureisarar på eit bruk dei kalla Glitne, i skogen litt bortafor Pollfoss, på andre sida av elva.

Hotellet vart kjøpt av Olav Øygard, som i likskap med Chr. A. Hjelter var gardbrukar og lokalpolitikar i Skjåk. Dotter til Øygard hugsar frå barndomen at dei heldt hotellet oppe mest berre om somrane. Dei hadde nok også litt påsketrafikk, men kapasiteten vart begrensa mellom anna fordi det ikkje var installert omnar på alle romma.

I 1938 eller 1939 vart det gjort opptak til Tancred Ibsens film Gjest Baardsen på Pollfoss. Det var dramatiske fluktscener som vart filma i Pollfossen nedanfor hotellet.

Familien Øygard dreiv Pollfoss til 1941, da hotellet gjekk konkurs på nytt. Kjøpar vart nå Per Hosar, også han frå den same bygda.

Tungvint drift under krigen

Aase Hosar, som gifta seg med Per Hosar og flytta til Pollfoss i 1943, fortel i livsminna sine om heller tungvinte forhold der i dei fyrste åra. Fram til 1953 budde familien der året rundt. Dei fyrste åra var det ikkje straum, og vinterstid var det heller ikkje springvatn. Oppvarming gjekk greitt med vedomnar, men det var verre med ljos. Under krigen fekk dei veldig lite parafin til dei mange lampene som skulle til, og stearinljos var det slett ikkje å oppdrive.

Både under og rett etter krigen vart det ekstra trafikk ved hotellet på grunn av kraftutbygginga og damanlegget i Raudalen.

Straum og lettare tilhøve

Etter krigen skaffa hotellet seg fyrst eit bensinaggregat til ljos. I 1949 overtok dei eit kraftverk frå Grotli og installerte det nede i Pollfossen. Det gav 36 kilowatt likestraum, og forsynte hotellet og dei to naboane Pollmoen og Glitne. På hotellet heldt det private kraftverket til ljos, oppvask- og klesvaskemaskin, og ikkje minst kjølerom. Denne ordninga greide seg til midt på 1960-talet, da Skjåk kraftverk førde straumen fram frå bygda til Pollfoss og Grotli.

Hosar moderniserte bygningen i monaleg grad, mellom anna ved å bordkle dei gamle plankeveggane og byggje inn verandaen i fyrste etasjen. Det vart tidleg (under krigen?) installert vassklosett og badekar i gjestefløya, men ikkje på kvart enkelt rom. Ein var iallfall i påska framleis avhengig av ein svær utedo nede i garden, og værelsesjentene forsynte gjestane med varmt vaskevatn i mugger på servantane på romma. Etablissementet hadde ikkje den standard og komfort som kravdest for å få status som hotell, og heitte da også Pollfoss turistheim i denne tida.

Turistheimen hadde skjenkjerett for øl og vin, men kommunale føresegner om dette diskriminerte bygdefolket, ved at dei ikkje fekk kjøpe vin der, og det var spiseplikt om ein hadde lyst på øl.

Intens sesongdrift i 1950-åra

Frå 1954 budde eigarfamilien nede i bygda vinterstid, og flytta opp på hotellet kvar sommar- og påskesesong. Med leigd lastebil, og dei siste åra med ein eigen innkjøpt varebil – ei stor tidlegare militærambulanse -, vart familien med mykje utstyr, mat, høner, hund og katt og ”jenter” (arbeidshjelp) frakta strekninga mellom bygda og hotellet fire gonger i året.

Det høyrde fjøs til hotellet, som heldt dei sjølvberga iallfall med mjølk og egg.

Personalet var mest jenter og koner frå Skjåk. Somme var faste, som kokka Borghild Aaboen, kjøkenhjelp Margit Roen og kjøkenhjelp, bakstar og altmoglegdame Tea Gjerdet. Elles var det unge jenter frå bygda.

Mange av gjestane på sommarstid var utlendingar. Det var mellom anna mange franskmenn som dreiv sportsfiske, det kunne vere britiske ungdomar på sykkeltur, og etter kvart også ein del norske og utanlandske familiar på tur med eigen bil. Det vart opparbeidd ein enkel campingplass i tilknytning til hotellet.

Ein sommar heilt på slutten av 1950-talet var hotellet fylt opp av tyske filmfolk under innspelinga av Og bakom synger skogene. Elles var det eit betydeleg innslag av faste gjestar som kom att i feriane år etter år.

I påska hadde hotellet i mange år fast avtale med Norsk Folkeferie, som tinga rom for ei busslast med oslofolk. Kaare Andersen var fast reiseleiar. Eitt høgdepunkt i påskesesongen var når soknepresten heldt langfredagsandakt. Eit festlegare høgdepunkt var påskeaftan med kostymerenn på føremiddagen og danseball om kvelden. Fast musikk i mange år var Finn Morterud frå Eidsvoll (trekkspel) – mangeårig påskegjest på Øybergsetra litt lenger vest - og Bjarne Klepp frå Skjåk (gitar), med litt varierande supplement av andre musikarar.


Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3 Historia 1798-1914, Skjåk kommune 1998. (Side 325-333.)
  • Hosar, Aase: Mine livsminner, 2002, distribuert til familie, slekt og vener.
  • Munnlege opplysningar frå:
  • Aase Hosar, Skjåk (f. 1919, tidlegare vert på Pollfoss)
  • Kristian Hosar (f. 1945, son av Per og Aase Hosar)
  • Jon Lien, Skjåk (frå Pollmoen)
  • Anna Nordmo, Sarpsborg, (dotter til Olav Øygard) samtale med Hans P. Hosar 9.2.2010.