Feios skule

Den nye skulen i Feios, Vik kommune, stod ferdig i 1959. Tre år seinare, i 1962, vart Helleland og Fedje skulekrinsar slått saman til ein bygdeskule og namnet var Fedje skule. Seinare er namnet på bygdeskulen i Feios endra til Feios skule. Feios skule er ein 1 -10 skule, og det er etablert barnehage og førskule i same bygningskomplekset. Skulen ligg på garden Fedje der også gamleskulen på Feidjane låg, omlag 150 m sørover. Fylkesveg 182 går rett gjennom tomta der gamleskulen tidlegare låg.

Skulehuset på Helleland
Foto: Bjarnhild Samlandfotograf/kilde: Bjarnhild Samland

I dag er namnet Feios barne-og ungdomsskule, og skulen er ein del av skulestrukturen i Vik kommune. Det er dessutan barnehage samlokalisert med Feios skule. Da Leikanger kommune innførte 9-årig grunnskule i 1969 reiste ungdomsskuleelevane frå Fresvik og Feios dagleg med skulebåten over Sognefjorden til ungdomsskulen på Leikanger. Denne turen tok omkring ein time kvar veg. Når det var stormfullt på Sognefjorden fekk elevane frå sørsida fri. Elevane frå Frønningen var innlosjert på Leikanger.