Feios skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Feios skule.
Foto: Jan Magne Rinde.

Feios skule i Feios i Vik kommune, stod ferdig i 1959. Tre år seinare, i 1962, vart Helleland og Fedje skulekrinsar slått saman til ein bygdeskule og namnet var Fedje skule. Seinare er namnet på bygdeskulen i Feios endra frå Fedje til Feios skule. Feios skule er ein 1 -10 skule, og det er etablert barnehage og førskule i same bygningskomplekset. Skulen ligg på garden Fedje der også gamleskulen på Feidjane låg, omlag 150 m sørover. Enno kan ein sjå Filshaugura som låg ved sida av den gamle skulen. Fylkesveg 182 går rett gjennom tomta der gamleskulen tidlegare låg.

Skulehuset på Helleland.
Foto: Bjarnhild Samland

I dag er namnet Feios barne -og ungdomsskule, og skulen er ein del av skulestrukturen i Vik kommune, men bgyda var fram til 1991 ein del av Leikanger kommune. Da Leikanger kommune innførte 9-årig grunnskule i 1969 reiste ungdomsskuleelevane frå Fresvik og Feios dagleg med skulebåten over Sognefjorden til ungdomsskulen på Leikanger. Denne turen tok omkring ein time kvar veg. Når det var stormfullt på Sognefjorden, fekk elevane frå sørsida fri. Skulebåten heitte Framdur og elevane vart køyrt i to skulebussar frå dalføra Gullsetdalen og Åfetdalen til og frå kaia på Bårlog. Elevane frå Frønningen var innlosjert på Leikanger. Leikanger ungdomsskule var da nybygd. Leikanger ungdomsskule ligg på den ærverdige Leikanger prestegard.

Fram til slutten av 1970-talet gjekk elevane frå Feios og Fresvik ved Leikanger ungdomsskule, men etter den tid vart Fedje skulen etablert som eigen barne -og ungdomsskule. Feios skule er i dag ein bygdaskule med ungdomsskuleelevar frå både Feios og Fresvik. I den nye skulebruksplanen har eitt av dei foreslåtte alternativa vore at elevane frå nabobygdene kan gå ved Feios skule.

Feios skule er ein moderne bygning, det er bygd ny gymnsal og trimrom i seinare tid. Her er bibliotek i den nye fløyen. Skulen ligg på Feidjane med Klokkargarden som næraste nabo. Eit par hundre meter utover frå skuleplassen ligg Børenganeset, der ligg ei gravrøys som i folkekulturen er knytt til soga om Fridtjov den frøkne. På nabogarden Rinde ligg Feios kyrkje, der er Feios gamle kyrkjegard og Feios kyrkjegard. Feios gamle kyrkjegard har vore gravstad sidan middelalderen. Rinde har vore kyrkjestad tilbake til 1100-talet. Rinde stavkyrkje låg på same staden som Feios kyrkje.

Kjelder