Ole Edvart Rølvaag
Ole Edvart Rølvaag (fødd 22. april 1876 på Dønna i Nordland, død 5. november 1931 i Northfield, Minnesota) var norsk-amerikansk forfattar og professor. Han fekk si utdanning ved Augustana College i Sør-Dakota, St. Olaf College i Northfield, Minnesota og Universitetet i Oslo. Brorparten av livet arbeidde han ved St. Olaf der han underviste i norsk språk og litteratur, og den norske immigrasjonshistoria i USA. Han skreiv og fleire bøker som skildrar dei norske settlarane sitt liv på prærien i Dakota, og korleis dei innfødte sin kultur kunne kollidera med immigrantane sin. Kong Haakon VII slo Ole Edvart til Ridder av St. Olavs Orden i 1926, og i 1930 vart han nominera til Nobelprisen i litteratur.
Ole Edvardt var son til Peder Benjamin Jakobs. Rølvaag (f 1846) og kona Elerine Johanna Pedersd. (f 1844). Familien budde på farsgarden, og folketeljinga 1875 syner at han hadde to eldre syskjen – Johan Kristian (f 1871) og Marta Zahl (f 1873). Teljinga 1900 syner at han og hadde fire yngre syskjen, Peder (f 1878), Andreas (f 1882), Kaia (f 1885) og pleisystra Jenny Johansen (f 1894). Ole Edvart sto til konfirmasjon 14. juni 1891 og fekk karakteren «nesten meget godt» av presten.
I Amerika
Då han 20 år gamal reiste frå familien vart reisa betalt av nokon i Amerika. Ole Edvart var då ein ugift arbeidar og han reiste med Thingval-lina frå Christiania til Eea Point (truleg Elk Point i Sør-Dakota). Lista «Emigranter over Trondheim 1867-1930» fortel at «Ekspedert dato» var 3. august 1896. Den tolvte amerikanske folketeljinga fann stad i 1900, og han budde då i Lincoln County i Sør-Dakota. Han var student ved Augustana College i Canton City, og budde i huset der Anthony G. Tuve (f 1869 i Minnesota) og Ida M Tuve (f 1872 i Iowa) med sonen George L. var hovudbeboarar i huset på hjørnet av Fifth street og Milwaukee street. Anthony var og president for Augustana College, og båe hadde norske foreldre. I huset budde fleire andre norske eller norskætta studentar som til dømes Christ Bjorgum (f 1873) og Sever O Eidam (f 1884). Ole Edvart vart amerikansk statsborgar i 1908, og folketeljinga i 1910 fortel at han då budde i Minnesota, Northfield Ward 3, Rice County. Han vigde Jennie Berdahl, fødd 1. juni 1879 i Sør-Dakota. Ho hadde norskfødd far og ei mor fødd i Wisconsin, dei hadde fått sonen Olaf A. som enno ikkje var året gamal. Folketeljinga 1900 syner at dei truleg møttes i tida ved Augustana College, Jennie budde og i huset til Tuve. Ti år seinare bur familien framleis i Northfield, og dei har no tre born, Ella V. (f ca 1911), Carl F. (f ca 1914) og Paul G. (f ca 1916), men Olaf nemnes ikkje. I 1930 bur Ella framleis heime, nett som sonen Fritz (f ca 1924). Truleg har familien størstedelen av tida i Northfield budd i 311 Manitou St i Northfield City.
Etterslekta
Ole Edvart og Jennie fekk borna
- Olaf A (f ca 1910)
- Ella V. (f ca 1911) og Paul G. (f ca 1916)
- Karl Fritjof Rolvaag (18. juli 1913 – 20. desember 1990) Minnesota sin 31. guvernør
- vigd med Mariom
- son
- dotter
- tre barnebarn (i 1990)
- Paul G. (f ca 1916)
- Fritz (f ca 1924)
Til minne om...
- Familien sitt hus på 311 Manitou St. i Northfield City vart 4. august 1969 innlemma i U.S. National Register of Historic Places og U.S. National Historic Landmark.
- Rolvaag Library ved St. Olaf College fekk sitt namn i 1944.
- I 1988 vart Ole Edvart Rølvaag innlemma i Scandinavian-American Hall of Fame.
Bibliografi
- 1912: The Third Life of Per Smevik, sjølvbiografisk
- 1914: On Forgotten Paths
- 1920: Pure Gold
- 1921: The Boat of Longing
- 1923: Giants in the Earth, skriven medan han hadde ein sabbatsperiode frå St. Olaf College.
- 1929: Peder Victorious
- 1931: Their Father's God
Kjelder
- Encyclopædia Britannica sin gratissnutt om O. E. Rölvaag
- Encyclopedia of the Great Plains: «RÖLVAAG, O. E. (1876-1931)»
- O. E. Rolvaag House, 311 Manitou Street, Northfield, Rice County, MN på Library of Congress sin nettstad
- Rolvaag, O. E., House på National register digital assets
- Rolvaag Library på St. Olaf College sine nettsider
- SAHF Inductees: O.E. Rolvaag
Primærkjelder
- Norske
- Peder Benjamin Jakobsen i folketeljinga 1875 for 1828P Nesna prestegjeld frå Digitalarkivet (Familien i folketeljinga året før han vart fødd)
- Peder Jakobsen i folketeljinga 1900 for 1827 Dønnes herred frå Digitalarkivet (Familien i folketeljinga fire år etter han reiste til Amerika)
- Ministerialbok nr. 835A02 Nesna prgj., Dønna sokn, 1865 - 1880: Ole Edvart sin dop
- Ministerialbok nr. 835A03I Nesna prgj., Dønna sokn, 1881 - 1910: Ole Edvart sin konfirmasjon
- Ministerialbok nr. 835A03II Nesna prgj., Dønna sokn, 1881 - 1910: Ole Edvart sin utflyttjar-attest
- Emigranter over Trondheim 1867-1930: Ole Edvard Peders. Rølvaag
- Emigranter over Trondheim 1867-1930: Ole Edvard Rølvaag (vitjing i Helgeland 7. juli til 4. september 1916.)
- Amerikanske
- Rolvaag, Ole og Berdal, Jennie i den amerikanske folketeljinga for Canton Township i Sør-Dakota i 1900 på familysearch.org
- Ole E. Rolvaag i den amerikanske folketeljinga for Rice County i Minnesota i 1910 på mooseroots.org
- Ole Rolvaag i den amerikanske folketeljinga for Rice County i Minnesota i 1920 på mooseroots.org
- Ole Rolvaag i den amerikanske folketeljinga for Rice County i Minnesota i 1930 på mooseroots.org
- Jennie M. Rolvaag i den amerikanske folketeljinga for Rice County i Minnesota i 1940 på mooseroots.org
- Jennie M. Rolvaag sin Death Record på mooseroots.org
|