Fyresdal Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. aug. 2017 kl. 11:49 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Lenker, innleiing)
Hopp til navigering Hopp til søk
Breifonn, fyrste bygninga til Forbrukseininga. Denne bygningen blei flytta bakover på tomta og står der framleis, men er litt endra. Deretter kom den bygningen som blei den nye for Fyresdal Handelslag og som står der no.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Veum. I 1899[1] gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heittande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916.[2]

Forbruksforeininga

Forbruksforeininga, seinare kjent som Fyresdal Handelslag L/L ligg i Folkestadbyen i Fyresdal kommune og vart skipa i år 1871. Det fyrste huset heitte Breifonn, flytt frå Nordre Bondal i Kleivgrend. Forbruksforreininga låg i dette huset fram til 1905. Då blei bygninga flytta litt lenger opp i Skippergata, og då hadde Lars Folkestad smia si der.

Handelslaget

Fyresdal Handelslag på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

I 1905 bygde dei ei ny bygning som blei forretning. No er det lokalet til Oleas Hus.

Kjelder

Referanser

  1. Under Fyresdal Handelslag står det at Veum Handelslag gjekk ut i 1889, medan under Veum Handelslag står det at laget gjekk ut i 1899. (Sætherskar, 1949, s. 763 og 769.
  2. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 762-763.