Lesund skulekrins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lesund skulekrins vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund.
Nytt skulehus
Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som utførte.
Nedleggjing
I 2009 vart Lesund skulekrins nedlagt, og elevane vart flytta til Aure barneskule.
Linkar
- Dyrnes, Daniel: Vemodig farvel med Lesund skule Tidens Krav Sist vitja: 24.04.12
- [http://www.xn--wraas-sra.com/genealogy/getperson.php?personID=I578&tree=1
]