Veum Handelslag
Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. Forretninga låg på Veum i Fyresdal kommune.
Historikk
Veum Handelslag starta opp som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. I 1898 vart forbruksforeninga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei Veum Forbruksforening på Veum.[1] Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Gunnar Jakobson Breivik vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend, men denne gjekk inn i 1935.
I 1907 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Veum og flytta inn året etter.[2] Hans Jakobson Bjørnestad vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart Hans Rasmusson Austad frå Gjøvdal tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen Fyresdal Landhandel. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.[3]
Bestyrarar
- Ivar Tveiten, 1899 - ??
- Hans Austad, 1917 - 1945
- John A. Dale, 1946 - ??
Arkiv
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå biblioteka i Telemark for meir informasjon.
Kjelder
- Marvik, Steinar, Fyresdal: gards- og ættesoge. 3, Fyresdal, 1992. Digital utgåve på bokhylla.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Taraldlien, Bendik, Fyresdal. Med Bilæte. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete Øyane i Veum er på s. 5.)