Sogeskrift for Tysnes

Sideversjon per 24. mai 2018 kl. 16:04 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

Sogeskrift for Tysnes er årsskrift for Tysnes Sogelag. Årboka har kome ut jamnleg kvart år sidan 2002, kombinert med ein kalender med lokalhistoriske bilete frå dei fire bygdelaga i Tysnes. Innhaldet har vore ei blanding av minnestoff og artiklar konsentrert kring spesielle emne. Tre av årbøkene har vore temabøker. Redaktørar har vore Knut Rage (2002-2004), Kirsten Alsaker Kjerland (2005) og Mikal Heldal (2006 -). Biletredaktør for kalenderen har heile tida vore Olav Skjellevik (2002 -).