Mikal Heldal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mikal Heldal (fødd 1944 på Onarheim i Tysnes) er biolog og lokalhistorikar. Heldal vart cand. real ved Universitetet i Bergen i 1973, med hovudfag i mikrobiologi. Han har seinare hatt UiB som arbeidsplass og er forskar ved Institutt for biologi. Heldal har i fleire år vore ein aktiv pådrivar innan sogelagsmiljøet i Hordaland, som formann i Tysnes Sogelag, styreleiar i Hordaland Sogelag og ikkje minst som skribent og medlem av skriftstyret for årboka Sogeskrift for Tysnes, der han no er redaktør. I 2014 fekk Heldal også plass som styremedlem i Landslaget for lokalhistorie, som representant for valområdet Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane.
Kjelder og litteratur
Denne artikkelen trenger kjelder.