Atrå
Atrå er ei bygd i Tinn kommune, ved nordenden av Tinnsjøen der Gjøystdal og Gausetdalen møtast. Elva Gjøyst renn gjennom bygda. Det bur kring 300 menneske i bygda, og dei bur for spreidd til at staden kan reknast som ein tettstad.
Atrå har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Atrå stavkyrkja blei reven i 1833, og Atrå kyrkje blei innvigd i 1836.
Atrå Samfunnshus frå 1960 er ein viktig samlingsstad i bygda.
Litteratur og kjelder
Koordinater: 59.9881417° N 8.7353278° Ø