Vråliosvegen

Sideversjon per 12. okt. 2021 kl. 23:26 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til bilde.)

Vråliosvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går vestover frå Kviteseidvegen gjennom Vrådal sentrum og fylgjer nordsida av Vråvatn til kommunegrensa mot Tokke.

Vråliosvegen i Vrådal sentrum sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vråliosvegen i Vrådal sentrum sett østover.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vråliosvegen med nr. 1267, garden Flatland (gnr. 11/3).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen er 22 km lang og har namn etter plassen Vråliosen eller grenda Vråliosen. Vråliosvegen er ein del av fylkesveg 38.

Plassen Vråliosen (Osen) (gnr. 7/1) ligg like i enden av Vråvatn. Her var brygge for dampbåten «Nissen» som kom i 1867. Året etter vart det bygd sluse ved Storstraumen, så «Nissen», og seinare «Dølen», kunne gå i rute mellom Vråliosen og Tveitsund (Treungen). Etter at bilferdsla auka, måtte båtlaget gje opp i 1930-åra.

I 1863–64 starta Tor P. Flatland landhandel på plassen. I 1870 overtok broren, Mikkel P. Flatland. Han flytte frå Vråliosen i 1876, men kom attende i 1886. Da dreiv han igjen landhandel og sette opp fleire hus, mellom anna eit stort hotell. Han hadde og skyss-stasjon. Ikring 1920 vart Vråliosen overtatt av sonen Petter N. Flatland.

Galleri

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.48199° N 8.34777° Ø