Kvitsøy fyr
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.
Opphavsforteljinga
I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han var frå Skåne, men etablerte seg rundt 1690 som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.