Kvitsøy fyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitsøy fyr
Kvitsoy fyr01.jpg
Foto: Roar Johansen (2004)
Oppretta: 1700
Status: Automatisert og avfolket 1969
Funksjon: Kystfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Sted: Kvitsøyene
Kommune: Kvitsøy kommune
Fylke: Rogaland
Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.

Det første vippefyret

Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit «realfyr» på Kvitsøy og ei sjølykt på Høyevarde i Karmsundet nord for Kopervik. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, Bergen og Trondheim. Tollarane i dei respektive byane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 riksdalar per fartøy. Fyret i Ydstebøhamn på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Det bestod av ei høg mast med påmontert tverrvippe. I eine enden av vippa hang ei eldpanne med brennande kol. I andre enden var eit tau, som ein kunne bruka for å heva og senka vippa. Oppheist hang eldpanna om lag seks meter over bakken. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy like ved det noverande fyrtårnet.

Fyrdynastiet von Fyhren

Henrik Petersen budde i Stavanger, og betalte folk på Kvitsøy og Høyevarde for å ha tilsyn med fyra. Nokon lukrativ geskjeft kan det ikkje ha vore, for då Petersen døydde i 1731, var gjelda hans 1.100 riksdalar. Ifølgje ein soneson hadde han bruka store delar av formuen sin på oppføring av fyra. Familien tok på denne tida til å skriva seg for Petersen von Fyhren. Son til Henrik, Morten Henrik Petersen von Fyhren, fekk kongebrev på Kvitsøy og Høyevarde fyr i si livstid både av Christian VI i 1744 og Fredrik V i 1747. Enka etter Henrik hadde rett på halvdelen av inntektene frå fyra så lenge ho ikkje gifta seg på ny. Gjennom heile 1700-talet var Kvitsøy fyr i familien von Fyhren si eige. Tradisjonen om fyrdynastiet levde vidare, og på 1900-talet fanst det framleis personar i Stavanger med døypenamnet Petersen von Fyhren.

Utbygging av fyret

I 1770-åra kom det mange klager om Kvitsøy fyr, særleg frå borgarar i Bergen. Amtmannen i Stavanger konkluderte med at her burde reisast eit tårn, samt utførast ein del mindre utbetringar. Det skulle ta lang tid før tårnet vart realisert. Nye planar i 1790-åra stranda då fyreigaren ikkje såg seg istand til å kosta tårnbygginga. I 1802 gjekk fyrprivilegiet over til kapellan Børge Petersen, soneson til den opphavlege eigaren. Han fornya vippen, fekk bygt ny vaktstove, ein inspektørbustad med meir. Sonen hans flytta til Kvitsøy som inspektør. Ein inspeksjonsrapport i 1807 opplyser at det årlege forbruket av kol utgjorde 400 tønner og driftsutgiftene var 1207 riksdalar. Ved kongeleg resolusjon i 1815 overtok staten fyra på Kvitsøy og Høyevarde for 8222 riksdalar. Bånda til Petersen-familien vart likevel ikkje brotne. Børge Petersen fekk rett på ei årleg avgift på 300 spesidalar av fyrdrifta, og sonen hans kunne halda fram som inspektør med fast årleg gasje. Fyra skulle frå no av vera tende heile året.

Det lenge omtalte tårnet blei ikkje bygt før i 1829. Det var eit sekskanta tårn av murstein, 29 alen høgt, med kolbluss på toppen. I 1850-åra skjedde ei ombygging av fyret. Tårnet vart gjort 15 fot høgare, ny lykt sett opp og linseapparat innstallert. Ein ny betjentbustad med uthus blei også reist. Kolfyret vart sløkt for siste gong i 1859. Ved foten av fyret kan ein framleis finna kolbitar som vitnar om den tidlege historia. Nye utbetringar følgde rundt 1890. Fyret fekk okkulterande lys i staden for blink og ny lampe. Ei ny stor lykt kom på plass i 1907. Lampar med veike vart erstatta av petroleumsglødelampar i 1912, medan elektriske glødelampar gjorde sitt inntog i 1938, etter at Kvitsøy hadde fått kommunalt elektrisitetsverk. Fyret blei automatisert i 1969.

Kvitsøy fyr er det eldste fyret i landet som framleis er i drift. Fyrvaktarbustaden, som romma både fyrvaktaren og fyrassistenten med respektive familiar, er i dag bibliotek. Fyrnaustet i hamna er overteke av private. Besøkande kan gå opp i tårnet og beundra den imponerande utsikta over skjergarden og havet.

Litteratur

  • Ersland, Bjørn Arild Hansen: Fyrene rundt Norges sydspiss. Kulturhistorisk veiviser til fyrene i Rogaland og Vest-Agder. Høyskoleforlaget, 1999
  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B. 3: Fra reformasjonen til 1800. Karmøy kommune, 2004
  • Fyrhistorisk årbok. Utgitt av Randaberg kommune. 1995-
  • Rode, C.F.: Norges fyrvesen. Fyr-, merke og ringevesenet gjennom 250 år. Steenske forlag, 1941
  • Wishman, Erik Hauff: Kvitsøy fyrstasjon. Eit minnesmerke over vær og vind. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1991

Eksterne lenker

Koordinater: 59.062134° N 5.400182° Ø