Rysstad
Rysstad er ei bygd i Valle kommune i Aust-Agder. Frå 1873 til 1962 var bygda kommunesenter for Hylestad kommune. Hylestad kyrkje står på Rysstad.
Fil:Valle, Rysstad frå Berg mot Flatestøylåsen.JPG
Rysstad sett frå Berg på vestsida av dalen.
Foto: Siri Johannessen (26. august 2010).
Setesdalsmuseet har ein av sine lokasjoner og sitt administrasjonssenter her og på same staden er Agder Folkemusikkarkiv lokalisera.
I bygda ligg og Sølvgarden Hotell og Feriesenter med overnattingstilbod og sylvsmedverkstad, og andre verksember som til dømes Nomeland anlegg og Uppstad Transport og Anlegg (UTA).
Galleri
Kjelder
- Rysstad på Setesdalswiki
- Faktaark fra Kartverket