Kvamme i Oldedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flaum på Kvamme i Oldedalen
Foto: Anna Kvamme Homdroms album/Jarl V. Erichsen

Kvamme i Oldedalen ligg i Oldedalen i Stryn kommune.

Namnet Kvamme

Namnegranskaren Olaf Rygh: Ivar Aasen forklarer "KVAM" i sin ordbok 1850: Den gammalnorske forma var Hvammr, i dat. Hvammi som tyder ein stutt, flå dal, med opning til eine kanten. Namnet høver godt etter lendet. Namnet er i mellomalderen skrive: Huamme (dat.), sidan Quamme, Quame, Qvamme. (Aaland II s 88)

Fornminne

Frå Oldssaksamlinga har me fylgjande tekst, henta frå Per Fetts serie ”Førhistoriske minne på Vestlandet”. (Ref. In 5 / 1318 II / LP 8443 / AU 086-1 / 509.E6 / KVAMME, gnr. 97.)

For var før eigen gard, men skreid ut. Funnkartet nr. 1. Johan J. Kvamme, bnr. 1. Grav låg "innunder Hamrane", som er eit hamralag S for tunet. Funns taden er 200 m SV for stova, 6-8 m nedanfor hamaren der han er låg, noko N for midten av heile laget. Der er flinthard leirbotn og like nedanfor er eit søkk etter leirtak. På leira var ein del runde steinar som forma eit rom, steinlaget skal ha vore 13 m i tvm. I romet låg sverdodden mot S. Det såg ut som det var brent på steinane, men oldsakene er ubrende.

Funnkartet nr. 2 Vik. ubrend mannsgrav frå fk. nr. 1. Her er sverd, øks, spjut, to piler, skjold, to knivar, hamar, sigd, bryne, steikepanne, klebergryte. Alt så nær som gryta er deponert i U. O. der dei har nr. C 23588. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23 og U. O. Årbok 1943-44.

Skiferbryne f. i Høgalmebakken. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Kelt. klebergryte f. i Høgalmebakken på bnr. 5, Markus Kvamme.("Høgalme-" har ikkje noko med gnr. 23 å gjere). Staden er 150 m S for fk. nr. 1, 15 m VSV for sørenden av hamralaget, der ein liten bekk renn ut. Her er tre grusrygger som no vert utjamna, funnet er gjort i den sørlengste og største, utvaska av regn på overflata etter jordarbeid. Nr. 2 på funnkartet. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Litteratur: Shetelig 1932 s. 39, 49.

Over Jostedalsbreen

Amund Helland utgav i 1901 ei større skildring av Nordre Bergenhus[1]. Der finn vi ei skildring frå ikring 1750 av Matthias Foss der han viser korleis Kvamme var eit naturleg punkt på kryssing av Jostedalsbreen i gamal tid:

«Over denne Iisbræ kan man fare til og fra Justedalen paa tvende Steder til Indvigs Præstegield i Nordfiord, baade gaaendes og farendes med Kløv og Kreaturer, som man der pleier at tilforhandle sig. Nemlig her i Krondalen reiser man fra Gaarden Bersæt til et Annex, kaldet Aalden, hvor den første Gaard, man kommer til paa hiin Side af Bræen, kaldes Qvame; og bestaaer denne Veis Længde af halvtredie Miil. Her er Iisbræen saa stor, at Skyerne støde an paa den, og de høieste Fielde ligge dybt neden for den som en Afgrund, at man knap engang kan see dem, mindre tage Mærke paa dem til sin Reises Fortsættelse, saa man, for ikke at fare vild, har opsat Varer paa Bræen af Træ som Milepæle og endda maa man have med sig herfra velbekiendte Folk til Ledsagere; at man ikke skal enten fare vild eller falde ned i de forborgne dybe Huler og Gab, som paa sine Steder findes paa Bræen, hvor Sneen kan være sammendreven og ligge løselig ovenpaa Hulerne og bedække dem. Denne Vei fares ei saa jevnlig, saasom den besværligste og farligste.

For (Førde), gården som forsvant

På platået nede mot høyre lå kanskje det gamle tunet på gården For (Førde). Denne ble slått på vannet av ras og ble forlatt. Jorden ble senere tillagt brukene på Kvamme.
Foto: Jarl V. Erichsen 2017

Kvamme-gardane er tillagt jord frå ein gamal gard som no er borte. Difor kalles garden oftast "Kvamme med Førde". Ein tenkjer seg at ras har teke livet av eller jaga bort folket på denne garden. Her er nokre notat.

I Koppskatten for Nordfjord i 1645 finn ein namn fra garden Ford.

  • Anders Thordsen Ford
  • Anne Ford, hans quinde
  • Mattis Andersson Ford, børn
  • Syndeue, Thienistfolch
  • Anne, Husquinde
  • Dauid Ford
  • Anne Ford, hans quinde
  • Eli Rasmussd., Thienistfolch
  • Malfrid Ford, Husquinde
  • Anders Rasmussen Ford
  • Anne Ford, hans quinde
  • Kari, Thiennistfolch

I skattelistene for 1647 finn me også spor av folket på "Fordt":

  • Fordt skyllder aarligh 2 løber 1/2 pd. smør.
  • Prestenn medforleent.
  • Byger det ochsaa.

Besiddis aff

  • Anders ibd., hand bruger 2 1/2 pd. 6 mk. smør. Gaff 1 1/2 rdr. 1 ort 8 s.
  • Ennchenn ibd. bruger 1/2 løb 3 mk. smør. Gaff 1 rdr. 8 s.
  • Annders ibd. bruger 2 pd. 3 mk. smør. Gaff 1 rdr. 1 1/2 ort 4 s.

Ras og skred

1693: Ras

I 1693 ble husa på For drevne på vatnet av ras. Amund Helland [2] skriv: "Omtrent 1693 toges ud husene paa For i Olden, hvilke dreves ud paa vandet."

1715: Stenskred

  • "Stenskred: Omtrent 1715 gik stenskred og elveløb paa Kvamme og For i Olden."[3]

Om bruk og brukere

Tidligere brukere og folk på Kvamme

  • Aamund Rasmusen Quame, Ole Haversen Quame og Rasmus Johansen Quame er blant underskriverne i 1709 på et brev til Stiftsamtmannen. Der gjentar de sin klage over bondelensmannen Christian Biørnschou og krever ham avsatt.[4]
  • I 1794 avholdes det skifte etter "Gaardemand" Anders Haaversen Qvame.[5]

Dei enkelte bruka

Vi skriv artikkel for kvart bruk:

17/01 Nigardsbruket

Steinar

Steinar Kvamme rydda og bygde garden ikring 1560.

Steinar var far til:

  • a) Endre Steinarson på Håvardbruket, fødd ikring 1570. Endre overtok bruket - sjå neste bolk.
  • b) Lasse Steinarson på Sjurbruket.

Kjelda for desse opplysningane er ei sak frå 1651 - med hard kamp om åsæte til 1/2 laup mellom Kari Rasmusdotter og Oluf Olufson. Kari var gift med den eiene av sønene til Steinar. Sjå meir under bolken om Endre Steinaerson Kvamme.

I 1567 svarar Quamme 1 gsk. 1 bsk. i leiding. Leidingen var ein skatt til kongen, med namn etter den gamle forsvarsordninga (leidang). I nokon grad var leidingen eitt uttrykk for størrelsen på garden.

Same år - 1567 - var landskylda om lag 1 1/2 laup.

Garden er menmd i bispejordboka i 1585. Då eig prestebolet i Innvik 1/2 laup og 1 sau i garden. Sidan eig prestebolet 5 1/2 pund, resten var bondegods. Aaland skriv "Det er likt til at kvart slag gods låg for seg. I 1650-åra var tre bruk berre prestebolsgods, to bruk berre bondegods, men i sjette bruket (berre 1/2 pd) var 1/3 prestebolsgods og 2/3 bondegods. I 1683 er bruka skipa slik at prestebolet åtte 1 pd. i kvart av dei fire halvlaupsbruka, og av dei to pundsbruka var det eine heilt prestebolsgods; de andre åtte prestebolet halva av. Prestebolsgodset er no løyst." (Aaland II s 89)

Endre Steinarson

Endre var fødd ikring 1570 og var d. før 1626. Me veit at han var brukar på garden frå før 1602 til 1624.

Endre var gift to gongar. Den fyrste kona veit me ikkje namnet på. Den andre kona var Kari Rasmusdotter. Kari var ei gammal kone då ho i 1651 er med i ei odelstrette. Meir om denne striden nedanfor.

Aaland skriv at det var ringt med Kari. Ho pantsette 1/2 pund odelsgods i 1636 til borgar Jens Bloch. I 1652 var ho skuldig landskuld for prestebolsgodset i bruket sidan 1636. 1/2 laup prestebolsgods vart då bygsla til grannane.

Endre fekk:

  • a) Håvard Endreson, f. ikring 1626. Håvard blei på bruket.
  • b) Inga Endredotter Kvamme, vart gift med Anders Rasmusson (Tungøyna) på Aaberg. (??)

"I 1602 var garden tre, i 1606 fem og i 1640-åra seks bruk. Dei fem var jamnstore = 1/2 l., og eitt var berre 1/2 pd. I 1670-åra vart det miste bruket lagt attåt eit av dei andre, og så vart det kløyvt i to jamnstore bruk." (Aaland II s 89)

Åsætestrid i 1651 Jacob Aaland fortel:

”I 1651 var her ein heit strid om åsæte til ½ laup. Det året klaga enkja Kari Rasmusd. til lensherre Ove Bielke over at Oluf Olson tok ifrå henne ½ laup prestebolsgods, som ho var nærast å bruke. Ove Bielke baud foten å få ende på striden anten ved semje eller dom, så ho fekk sin rett, men kunne ikkje det la seg gjere, fekk saka stå ut til dess han sjølv kom til Nordfjord.

Av Kari sitt prov får ein vete at Steinar, faren åt mannen hennar, rudde garden og budde her si livstid, og han sette dei to sønene sine, Lasse og Endre, på garden etter seg. Endre var mannen hennar. Da han døde, tok ein framand mann, Oluf Olson, ½ l. prestebolsgods, som ho og sonen Håvard Endresen tyktest nærast til å bruke, frå henne, så ho hadde berre ½ pd. att.

Hertil svara Oluf og prova at Håvard sin far, og sidan mora hans, hadde brukt godset i mange år, men då ho av armod ikkje vann å svare landskyld og andre utreidsler, bygsla presten P. Gjebleson godset til grannane hennar på garden. Sidan vart godset bygsla til Eirik Simonson, som budde der på si levetid, og så fekk Kari sin stykson, Anders Endreson, som var gift med Eirik si enkje, bygsle godset, og han óg hadde det si levetid, og så vart enkja gift att med Simon Pederson som óg hadde bruket si levetid. Så vart enkja fjerde gong gift med Ola Olson, som fekk bygsle godset med presten (i 1647), og som no (i 1651) var brukar.

Oluf sitt prov vart stadfest av tre vitner, og Oluf Olson vart difor tildømd godset til bruks.

Enno stogga ikkje striden, men i 1656 vart Oluf og håvard samde slik at Håvard fekk bruke ½ pd. prestebolsgods imot at Håvard betalte Oluf att 1 rdl. som Oluf for fire år la ut i bygsel for godset.” (Aaland II s 89-90)

I 1659 finn me ein åstedssak mellom Kvamme og Rustøen om ein slotteteig.

Håvard Endreson

Håvard var fødd ikring 1626.

Han vart far til:

  • a) Ola Håvardson, fødd ikring 1665. Ola vart gift med Anne Rasmusdotter. Ola og Anne overtok bruket, meir om dei seinare.

Håvard var brukar før 1656. Han brukar før 1656 1 1/4 pund. I 1673 bruka han 18 mark, sidan 22 1/2 mark.

I 1626 var landskulda 2 1/2 l. Garden hadde "temmelig avling". Det var mange luteigarar og dei fire brukarane hadde "ringe formue".

I 1657 var fodnaden på heile garden 1 hest, 52 kyr, 53 sauer og 27 geiter. I 1667 5 hestar og 46 kyr. Avlinga var 34 tunner havre.

I 1661 hadde garden tre kverner.

Det vart semje mellom Håvard og grannen Ola Olsson på bruk 3 om 1/2 pund prestebolsgods som Håvard skulle bruke mot å svare Ola 1 riksdalar av dei bygslepengane han la ut for fire år sidan.

I 1653 vart avteke 2 1/4 pund - derav 1 1/4 pund av prestebolsgodset og 1 pund av bondegodset. I 1672 vart pålagt 1/2 laup.

Ola Håvardson

Ola vart fødd ikring 1665 og han døydde etter 1739. Kona var Anne Rasmusdotter, og ho døydde ikring 1737.

Jacob Aaland har vist bumerket til Ola.

Ola og Anne fekk:

  • a) Håvard Olson, fødd ikring 1713. Han vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Dei overtok bruket, sjå meir seinare.

Ola var brukar før 1692. I 1693 bygsla han 16 mark i For. Ny bygsel 1719. Brukte i alt 1 pund 15 1/2 mark i Kvamme og 13 2/3 mark i For.

I 1723 ville matrikkelnemnda ta av 12 mark av di garden - særleg i 1715 - leid skade av elvabrot og fonnlaup.

I 1723 var fodnaden på heile garden 5 hestar, 29 kyr, 31 sauer og 31 geiter. Avlinga var 25 tunner havre og 10 tunner bygg.

Håvard Olsson Kvamme

Håvard var fødd ikring 1713. Han døydde 72 år gamal i august 1785. Han vart jordfesta 28/8/1785.

Håvard vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Ho var fødd ikring 1713 og døydde 49 år gamal i 1762. Ho vart jordfesta 24/10/1762. Skiftet etter henne, 26/10/1762, er på 5 store tettskrevne sider.

Håvard og Synnøve fekk desse borna:

  • a) Anders Håvardson, fødd omlag 1737. Anders overtok bruket - sjå neste bolk.
  • b) Ole Håvardson, f. 17/2/1751.
  • c) Berent Håvardson, fødd 29/01/1754 og døydde ugift 30 år gamal i august 1785. Berent og faren døydde omlag samstundes.
  • d) Dorte Håvardsdotter. Ho vart gift 1.12.1771 med soldat Johaannes Erichson Aabrekk på perbruket på Aabrekk.
  • e) Synneve Håvardsdotter fødd 14.3.1757 ??
  • f) Synneve Håvardsdotter, fødd 5.6.1760 ??

Håvardplassen

Inge Melkevoll skriv:

"Denne plassen låg under Nigard og Håvard var truleg ein av sønene på bruket. Ein kan enno sjå kvar husa stod. Han hadde både stove og fjøs pluss ei utmarkslade med plass til omlag 20 høybørar. Håvard-slåtten, Håvardteigen og Håvardsteinen er namn som minner om denne plassemannen.

Plassen vart nedlagt så tidleg at ingen veit kvar folket her vart av, men det er rimeleg at også desse har funne vegen til Amerika.

I Utogned fortel dei:

Husa låg ovanfor der Ingebrigthusa er no. Håvardnamn: Håvaledet. Håvaslåtten var truleg ein skogaslått som høyrde til plassen.

Nokre notat:
• Haaver Olsen Qvamme nemnast som cautionist 5.12.1750
• Berent Qvame nemnast som fadder 4.9.1773 og 15.5.1778 - men det kan vere ein tidlegare Berent
• Synneve Ellingsdotter nemnast som fadder 9.11.1754.
• Dorte Håvardsdotter Qvame nemnast som faddder 13.2.1765 og 9.8.1766.
• I 1757 og 1769 var det åstedssaker mot Åberg om féhamna og merkeskila

Anders Håvardson

Anders døydde 57 år gamal i 1794, og han er etter dette føddd ikring 1737. Han vart gravlagd 30.3.1794.

21.11.1765 gifta Anders seg med Agnethe Andersdotter Ulvedal, dotter av Anders Eirikson Ulvedal og Jartrud Villumsdottter Øyestad. Ho var frå Ivarbruket på Ulvedal. Agnethe vart føddd ikring 1740 og ho døydde 83 år gamal i 1824.

Anders nemnast som brukar på Kvamme i 1763. I 1790 fornyast bygsla. I kyrkjeboka nemnast han som soldat i 1765.

Anders og Agnethe fekk desse borna

  • a) Synnøve, fødd 23.03.1767. Ho vart gift med Kristen Halsteinson Myklebust.
  • b) Anders Anderson fødd 3.1.1770. Han vart gift med Kristi Halsteinsdotter Myklebust. Dei overtok bruket, sjå neste bolk.
  • c) Håvard Anderson, fødd 4.9.1773

Anders Andersson

Anders er fødd 3.1.1770 og han døydde i 1838 - 75 år gamal (?). 20.10.1799 gifta Anders seg med Christi Halsteinsdotter Myklebust. I 1800 bygsla Anders bruket som mora Agnete sa opp.

Anders og Christi fekk desse borna.

  • a) Agnethe, fødd «uægte» 21.01.1794. Ho gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Dei overtok bruket, sjå seinare.
  • b) Martha Andersdotter fødd 9.8.1800.
  • c) Anders Andersson, fødd 7.8.1801.
  • d) Anna Andersdotter, fødd 20.1.1805.
  • e) Synnøve Andersdotter, fødd januar 1807.
  • f) Christi, fødd 31.5.1812.

Jakob Rasmusson Kvamme

Agnethe Andersdotter - eldste dotter til Anders Andersson Kvamme og Christi Halsteinsdotter Myklebust - gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Han var son til Rasmus Mattison Eide og Susanna Fredriksdotter Kvamme (i Nigard).

Jakob vart fødd 31.7.1790. Skiftet er dagfest 13.10.1840. Jakob var - etter Aaland - 46 år då han kom bort. Aaland fortel at Jakob drukna i Løndafjorden og at han ikkje vart attfunnen.

Jakob var brukar 1830.

Agnethe vart fødd 21.1.1794 og døydde 53 år gamal i 1847. Etter at Jakob døydde gifta Agnethe seg med Eirik Ellingson Vollset, sjå neste brukar.

Agnethe og Jakob fekk:

  • a) Anders Jakobson gm Helene Andersdotter Muri. Dei overtok bruket, sjå under.
  • b) Anders Jakobson. Han reiste til Bergen og vart kalla «By-Anders». Var befal.
  • c) Rasmus Jakobson gm Brita Andersdotter Muri, frå Halsteinsbruket.
  • d) Kristian Jakobson Kvamme - Løken. Gm Brite Olsdotter Kvamme. Dei kjøpte gard på Løken.
Notater:
• Jakob var fødd 31.7.1790 og var yngste bror til forrige brukar; Ola Rasmusson ??
• Det er uklårt kvifor Jakob overtok bruket, eller ... ?
• J.Aaland skriv at Jakob døydde i 1840, 46 år gamal. Dette passer ikkje med fødselsdatoen eg har funne.

Eirik Ellingson Vollset

Erik vart fødd 18.7.1811. foreldra var Elling voldsæther og Bertha Erichssdotter. Eirik gifta seg med enka Agnethe. Han er nemnd som brukar i 1841. Kårbrev til Eirik og Agnethe vart skriven ut i 1841. Eirik døydde 45 år gamal i 1857.

Agnethe var føddd 21.10.1794 og døydde 53 år gamal i 1847.

Anders Jakobsen og Helene Andersdatter

Anders og Helene bor på bruket i 1865.[[1]]. Anders er gårdbruker og leilending og er 43 år i 1865. Helene er 40 år dette året. Anders Jakobsen fikk bygselbrev på bruket i 1843 og er bruker på garden i 1886[6]. Skulda er urevidert 2-1-7(daler-ort-skilling)/revidert 3-37(mark-øre).

Anders og Helene har:

  • Jakob Andersen, 18 år i 1865.
  • Anders Andersen, 16 år i 1865.
  • Martines Andersen, 11 år i 1865.
  • Bendt Andersen, 8 år i 1865.
  • Agneth Andersdatter, 5 år i 1865.
  • Andreas Andersen, 1 år i 1865.

I 1865 bor Kristian Jakobsen (29 år), Danielle Rasmusdatter (25 år) og Randine Jakobsdatter (21 år) på gården som tjenestefolk.

Jakob Andersson Kvamme og Eli/Rakel

Jakob Andersson Kvamme er fødd 28/8/1848. Jakob Anderssen får "Kongeligt Skjøde ... paa Bruget med Jordafgift for Kr 1973,22, dat 19/11 1889, thgl. 18/10 1890."[7] I 1910 er han kalla sjølveieande gardbruker.

Eli Kvamme dør tidlig. I 1900 er det skifte etter henne, og enkemannen Jakob Andersson blir utlagt verdiene mot å svare barnas andel i arven, kr 79,49 til hver. Dette gjaldt Andrine, Anders, Helene, Kristian, Brithe, Johan, Rasmus og Elias.

Han var andre gong gift med Rakel A. Kvamme, fødd 4/3/1864.

I 1907 er Jakob Andersen brukar på garden og landskulda er 3-37.[8]

Jakob og Eli har:

  • Andrine Jakobsdotter Kvamme, f 1881.
  • Helene Jakobsdotter, fødd 1885.
  • Kristian Jakobson Kvamme, fødd 1887.
  • Brithe Jakobsdotter Kvamme, fødd 1889.
  • Johan J. Kvamme, fødd 18/2/1892. Sjå nedanfor.
  • Rasmus J. Kvamme fødd 28/4/1895. Gårdsarbeider 1910.
  • Elias J. Kvamme, fødd 6/7/1898.

Jakob og Rakel har:

  • Anna J. Kvamme, fødd 26/7/1901
  • Robert J. Kvamme, fødd 30/6/1903.
  • Hans J. Kvamme, fødd 1/4/1905

Johan J. Kvamme vart gift med Jenny Jakobsdotter Reed (1887-1982)

Johan er snekkerlærling og handtverker i 1910. Johan og Jenny har:

  • Jakob
  • Elfrid
  • Jostein
  • Bjarne
  • Roald

Fjøsregnskap 1949 Høsten 1949 hadde Johan og Jenny syv kyr i fjøset. Kyrne lød navnene Dalekolle, Grågås, Svartekolle, Blendo, Rosa, Morlik og Golin. I regnskapsboka finner vi 22/10 1948 tall for melkemengde, fettprosent m.v. I alt melket kyrne 59,9 kg melk denne dagen. Mest gav Dalekolle med 16,6 kg, minst Blendo med 3,7 kg. Fettprosenten varierer fra 4,2 hos Blendo og Rosa til 2,7 hos Dalekolle. Johan noterer totalvolum for oktober måned. Samlet gav de seks kyrne 1412 kg denne måneden. Mest gav Svartekolle med 495 kg, minst Blendo med 111 kg. Men det skjer mer i fjøset i oktober. 3. oktober får Golin en kalv som blir slaktet. 12. og 13. oktober får Morlik og Dalekolle hver sin raude kalv. Kyrne får høy som for, og bonden noterer at de får 4,6 kg hver pr dag.

Ett år senere, 19/10 1950 gjør Nigardsbonden opp ny status. De har de samme seks kyr på båsen. Svartedokke melker mest med 19,0 kg denne dagen. Blenda melker minst med 4,8 kg. Totalt melker kyrne 43,9 kg. For hele oktober melker de samlet 1174 kg for oktober. Fettprosenten er nå høyere. Lavest med 3,5 hos Golin og høyest med 5,0 hos Blenda. Formengden varierer mer, opp til 6,5 kg/dag hos Svartedokke.

I 1951 står det fem kyr på båsen: Svartekolle, Golin, Brandgås (ny), Grågås og Gullgod (ny). Sammenliknet med 1949 er Dalekolle, Blenda, Rosa og Morlik borte. [9]

Jakob J. Kvamme og Ingrid Malvinsdotter Nygård

Jakob og Ingrid har:

  • Jorun Margrete Kvamme
  • Jon Olav Kvamme
  • Margunn Kvamme
  • Agnes Olina Kvamme
  • Malvin Kvamme

Jon Olav Kvamme og Møyfrid Sømme

Jon Olav og Møyfrid har:

  • Håvard André Kvamme
  • Geirmund Kvamme
  • Amalie Kvamme
  • Jakob Kvamme
  • Bendik Kvamme

17/02 Utigard Kvamme

Ole Knudsen og Ingeborg Daviddatter er brukere i 1865. Se [[2]]. Ole er gårdbruker og leilending, 60 år gammel. Kona Ingeborg er 62 år gammel.

Ole og Ingeborg har:

  • Knud Olsen, 28 år i 1865.
  • Britha Olsdatter, 25 år i 1865.

Marthe Olsdatter, 30 år i 1865, og Peder Andreas Sjursen, 18 år i 1865, er tjenestefolk på bruket i 1865.

Knud Olsen er bruker på garden i 1886[10]. Skulda er urevidert 2-1-7(daler-ort-skilling)/revidert 3-37(mark-øre).

Kolbein K. Kvamme er fødd 14/6 1864. Han er gift med Oline K. Kvamme, fødd 12/3 1868. I 1910 er Kolbein sjølveigende gardbruker. Kolbein og Oline har:

  • Britha K. Kvamme fødd 8/9/1895
  • Synneva K. Kvamme f 4/9/1898
  • Knut K. Kvamme f 1/10/1900
  • Kolben K. Kvamme f 15/2/1903
  • Martins K. Kvamme f 9/6/1907.

I 1907 er Kolbein Kolbeinsen brukar på garden og landskulda er 2-54.[11]

I 1910 var Anna E. Berge, fødd 25/4/1892, tjenestejente på bruket. Føderådsfolket; Martins M. Kvamme (f 1/9/1859) og Brithe L. Kvamme (f 18/1/1844) bur og på bruket.

17/03 Sjurbruket på Kvamme

Rasmus Jørgensen er bruker på garden i 1886[12]. Skulda er urevidert 1-3-12 (daler-ort-skilling)/revidert 2-54(mark-øre).

Jørgen xx er gift med Marte Olsdotter, fødd 1835. Jørgen og Marte har:

  • Rasmus J. Kvamme f 1858. Sjå nedanfor.
  • John Jørgensen, fødd 1866. I 1900 er han arbeidsmann og murer.

I 1907 er Rasmus Jørgenson brukar på garden og landskulda er 2-54.[13]

Rasmus J. Kvamme er sjølveigende gardbrukar i 1910. Han er fødd 7/11/1858 og er gift med Synneve I. Kvamme, fødd 12/12/1862. Rasmus og Synneve har:

  • Jørgen R. Kvamme, fødd 12/2/1887.
  • Karl R. Kvamme, fødd 13/2/1890.
  • Rakel R. Kvamme, fødd 15/4/1896.
  • Iver R. Kvamme, fødd 4/5/1902.
  • Sivert R. Kvamme, fødd 22/4/1905.

I 1910 er Synneve S. Sunde tjenestejente på bruket. Martha O. Kvamme bur, i føderåd, på bruket i 1910. Ho kallast stedmor til husfar.

17/04 Johansbruket på Kvamme

Johannes B. Kvamme er fødd i Loen 18/1/1841. Han er bruker på garden i 1886[14]. Skulda er urevidert 0-2-19(daler-ort-skilling)/revidert 0-84(mark-øre).

I 1907 er Johannes Bendikson brukar på garden og landskulda er 0-84.[15] I 1910 er han sjølveigende gardbruker i Johansbruket på Kvamme. Johannes er gift med Synneve J. Kvamme, fødd 6/1/1849.

Johannes og Synneve har:

  • Andrine J. Kvamme, fødd 23/10/1882. i 1910 er ho sypike "i andres tjeneste".
  • Johannes J. Kvamme, fødd 28/9/1887. i 1910 er han trearbeider.
  • Rakel J. Kvamme, fødd 5/12/1893.

17/05 Ingebrigtbruket på Kvamme

Ingebrikt Markussen er bruker på garden i 1886[16]. Skulda er urevidert 2-3-1 (daler-ort-skilling)/revidert 3-91(mark-øre).

Ingebrigt M. Kvamme er fødd 14/10/1865. I 1907 er han brukar på garden og landskulda er 3-91.[17] I 1910 er han sjølveigande gardbruker på Kvamme. Han er gift med Johanne A. Kvamme, fødd 12/4/1882.

Ingebrigt og Johanne har:

  • Markus I. Kvamme, fødd 25/1/1893.

I 1910 finn me fleire som hade opphald på garden:

  • Karoline O. Loftnæs, fødd i Davik 7/9/1889. Ho er tjenetjente på garden.
  • Anders M. Kvamme, fødd 9/5/1816. Han er ugift og har opphald på garden.
  • Brithe I. Kvamme, fødd 25/2/1833. Ho er ugift og har opphald på garden.

Abraham A. Kvamme, fødd 9/12/1845 og Jertru A. Kvamme, fødd 8/11/1837 i Loen, er føderådsfolk på garden i 1910.

17/06 Utognedbruket på Kvamme

Ole Fredrikson Qvame er gift med Dorte Rasmusdotter Quame. Ole og Dorte fekk:

  • Bendix 1844

Han er med i Indvigens formandskab og repræsentantskab i 1844, da Innvik deles.[18]

Fredrik Olson Kvame er fødd 27/2/1836. Han er bruker på garden i 1886[19]. Skulda er urevidert 2-3-1(daler-ort-skilling)/revidert 3-91 (mark-øre). Han er gift med Aagåt R. Kvamme, fødd 15/7/1835. I 1910 er Fredrik og Aagåt føderådsfolk hos sonen Ole.

Fredrik og Aagåt har:

  • Ole F. Kvame, f 28/12/1865. Sjå nedanfor.

Ole Fredrikson Kvame er fødd 28/12/1865. I 1907 er han brukar på garden og landskulda er 3-91.[20]I 1910 er han sjølveigande gardbruker i Utognedbruket på Kvamme. Han er gift med Anna V. Kvamme, fødd 7/9/1878.

Ole og Anna har:

  • Fredrik O. Kvame, fødd 20/9/1893. Overtok garden.
  • Anders O. Kvame, fødd 9/6/1898.
  • Anna O. Kvame, fødd 17/10/1891.
  • Helene O. Kvame, fødd 26/1/1896.

I 1910 bor Fredrik og Aagåt som føderådsfolk hos Ole og Anna.

Plassefolk

Rasmus og Barbro

Rasmus Rasmussen og Barbro Olsdatter er plassefolk i 1865. Rasmus er 28 år i 1865 og er husmann uten jord. Han omtales som "Bordarbeidsmand". Barbro er 29 år i 1865. [[3]]

Rasmus og Barbro har:

  • Rasmus Rasmussen, 1 år i 1865.

I 1865 bor Kristi Olsdatter hos dem som losjerende. Hun er 32 år i 1865 og er skredder.

Anders og Synneve

Anders Anderssen og Synneve Anthonsdatter er plassefolk i 1865. Anders er "husmand med jord" og er 60 år i 1865. Kona Synneve er 59 år i 1865.

Anders og Synneve har:

  • Dorthe Andersdatter, 22 år i 1865.

I 1865 har de seks kuer, ti får, syv geiter og én gris.

Andre notater

Sætrer

I 1933-37 samla Institutt for sammenlignende kulturforskning informasjon om sæterbuk. Der finn vi noko informasjon om sætrane på Kvamme[22]:

Gardsnummer 17 - Kvamme

  • Bruk 1 - Utigard - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 5 - Ut- og nedbruket - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 2+3 - sjurbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 4 - Ingebrigtbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.

Minner og utklipp

Gardene i Oldedalen i nåværende Stryn kommune

Bak-Yri | Briksdal | Høgalmen | Kvamme med Førde | Melkevoll | Myklebust | Mykløen | Rustøen | Yri indre | Åbrekk | Åberg med Tungøy


Referanser

  1. Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt Den almindelige del
  2. Helland, amund: " Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt Den almindelige del"
  3. Amund Helland: "Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt Den almindelige del", 1901
  4. https://www.nb.no/items/da97ddbb8dd3d33baefa1da0b2e2f6fc?page=73&searchText=Quame
  5. Efterretninger fra AdresseContoiret i Bergen" 17/5 1794
  6. Matrikkel 1886
  7. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02a/02ai/L0002: Panteregister nr. II.A.i.2, 1878-1936, s. 36 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071129620655
  8. Matrikkel 1907
  9. Fjøsregnskap i gårdsarkiv, Nigard på Kvamme
  10. Matrikkel 1886
  11. Matrikkel 1907
  12. Matrikkel 1886
  13. Matrikkel 1907
  14. Matrikkel 1886
  15. Matrikkel 1907
  16. Matrikkel 1886
  17. Matrikkel 1907
  18. Paul Svarstad: "Innvik : eit prestegjeld gjennom 200 år : ein sparebank gjennom 100 år"
  19. Matrikkel 1886
  20. Matrikkel 1907
  21. Bergens Adreessecontoirs Efterretninger 17/5/1794
  22. RA, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, F/Fc/L0012: Eske B12:, 1933-1937, s. 105 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/pr10081308202125