Nigardbruket på Kvamme i Stryn (Gnr 17:1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nigardbruket på Kvamme i Stryn (Gnr 17:1). Sjå meir om gard og grend på Kvamme i Oldedalen.

Bruka på Kvamme: Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamme øvre Kvamsland Solbakken Fjelltun Plassefolk

Brukarar på Nigardsbruket

Steinar

Steinar Kvamme rydda og bygde garden ikring 1560.

Steinar var far til:

  • a) Endre Steinarson på Håvardbruket, fødd ikring 1570. Endre overtok bruket - sjå neste bolk.
  • b) Lasse Steinarson på Sjurbruket.

Kjelda for desse opplysningane er ei sak frå 1651 - med hard kamp om åsæte til 1/2 laup mellom Kari Rasmusdotter og Oluf Olufson. Kari var gift med den eine av sønene til Steinar. Sjå meir under bolken om Endre Steinarson Kvamme.

I 1563 skatter "Stenner po Quamme j daler" etter "Skatten av Bergenhus len 1563".

Endre Steinarson

Endre var fødd ikring 1570 og var d. før 1626. Me veit at han var brukar på garden frå før 1602 til 1624.

Endre var gift to gongar. Den fyrste kona veit me ikkje namnet på. Den andre kona var Kari Rasmusdotter. Kari var ei gammal kone då ho i 1651 er med i ei odelstrette. Meir om denne striden i gardshistoria.

Aaland skriv at det var ringt med Kari. Ho pantsette 1/2 pund odelsgods i 1636 til borgar Jens Bloch. I 1652 var ho skuldig landskuld for prestebolsgodset i bruket sidan 1636. 1/2 laup prestebolsgods vart då bygsla til grannane.

Endre fekk:

  • a) Håvard Endreson, f. ikring 1626. Håvard blei på bruket.
  • b) Inga Endredotter Kvamme, vart gift med Anders Rasmusson (Tungøyna) på Aaberg. (??)

Håvard Endreson

Håvard var fødd ikring 1626.

Han vart far til:

  • a) Ola Håvardson, fødd ikring 1665. Ola vart gift med Anne Rasmusdotter. Ola og Anne overtok bruket, meir om dei seinare.

Håvard var brukar før 1656. Han brukar før 1656 1 1/4 pund. I 1673 bruka han 18 mark, sidan 22 1/2 mark.

Ola Håvardson

Ola vart fødd ikring 1665 og han døydde etter 1739. Kona var Anne Rasmusdotter, og ho døydde ikring 1737.

Jacob Aaland har vist bumerket til Ola.

Ola og Anne fekk:

  • a) Håvard Olson, fødd ikring 1713. Han vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Dei overtok bruket, sjå meir seinare.

Ola var brukar før 1692. I 1693 bygsla han 16 mark i For. Ny bygsel 1719. Brukte i alt 1 pund 15 1/2 mark i Kvamme og 13 2/3 mark i For.

Håvard Olsson Kvamme

Håvard var fødd ikring 1713. Han døydde 72 år gamal i august 1785. Han vart jordfesta 28/8/1785.

Håvard vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Ho var fødd ikring 1713 og døydde 49 år gamal i 1762. Ho vart jordfesta 24/10/1762. Skiftet etter henne, 26/10/1762, er på 5 store tettskrevne sider.

Håvard og Synnøve fekk desse borna:

  • a) Anders Håvardson, fødd omlag 1737. Anders overtok bruket - sjå neste bolk.
  • b) Ole Håvardson, f. 17/2/1751.
  • c) Berent Håvardson, fødd 29/01/1754 og døydde ugift 30 år gamal i august 1785. Berent og faren døydde omlag samstundes.
  • d) Dorte Håvardsdotter. Ho vart gift 1.12.1771 med soldat Johaannes Erichson Aabrekk på perbruket på Aabrekk.
  • e) Synneve Håvardsdotter fødd 14.3.1757 ??
  • f) Synneve Håvardsdotter, fødd 5.6.1760 ??
Nokre notat:
• Haaver Olsen Qvamme nemnast som cautionist 5.12.1750
• Berent Qvame nemnast som fadder 4.9.1773 og 15.5.1778 - men det kan vere ein tidlegare Berent
• Synneve Ellingsdotter nemnast som fadder 9.11.1754.
• Dorte Håvardsdotter Qvame nemnast som faddder 13.2.1765 og 9.8.1766.
• I 1757 og 1769 var det åstedssaker mot Åberg om féhamna og merkeskila

Anders Håvardson

Anders døydde 57 år gamal i 1794, og han er etter dette føddd ikring 1737. Han vart gravlagd 30.3.1794.

21.11.1765 gifta Anders seg med Agnethe Andersdotter Ulvedal, dotter av Anders Eirikson Ulvedal og Jartrud Villumsdottter Øyestad. Ho var frå Ivarbruket på Ulvedal. Agnethe vart føddd ikring 1740 og ho døydde 83 år gamal i 1824.

Anders nemnast som brukar på Kvamme i 1763. I 1790 fornyast bygsla. I kyrkjeboka nemnast han som soldat i 1765.

Anders og Agnethe fekk desse borna

  • a) Synnøve, fødd 23.03.1767. Ho vart gift med Kristen Halsteinson Myklebust.
  • b) Anders Anderson fødd 3.1.1770. Han vart gift med Kristi Halsteinsdotter Myklebust. Dei overtok bruket, sjå neste bolk.
  • c) Håvard Anderson, fødd 4.9.1773

Anders Andersson

Anders er fødd 3.1.1770 og han døydde i 1838 - 75 år gamal (?). 20.10.1799 gifta Anders seg med Christi Halsteinsdotter Myklebust. I 1800 bygsla Anders bruket som mora Agnete sa opp.

Anders og Christi fekk desse borna.

  • a) Agnethe, fødd «uægte» 21.01.1794. Ho gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Dei overtok bruket, sjå seinare.
  • b) Martha Andersdotter fødd 9.8.1800.
  • c) Anders Andersson, fødd 7.8.1801.
  • d) Anna Andersdotter, fødd 20.1.1805.
  • e) Synnøve Andersdotter, fødd januar 1807.
  • f) Christi, fødd 31.5.1812.

I Sølvskatten 1816 var Anders Andersen Qvame "den ældre" sitt innskot 14 spesiedaler[1]

Agnethe Andersdotter og Jakob Rasmusson Kvamme

Agnethe Andersdotter - eldste dotter til Anders Andersson Kvamme og Christi Halsteinsdotter Myklebust - gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Han var son til Rasmus Mattison Eide og Susanna Fredriksdotter Kvamme (i Nigard).

Jakob vart fødd 31.7.1790. Skiftet er dagfest 13.10.1840. Jakob var - etter Aaland - 46 år då han kom bort. Aaland fortel at Jakob drukna i Løndafjorden og at han ikkje vart attfunnen.

Jakob var brukar 1830.

Agnethe vart fødd 21.1.1794 og døydde 53 år gamal i 1847. Etter at Jakob døydde gifta Agnethe seg med Eirik Ellingson Vollset, sjå neste brukar.

Agnethe og Jakob fekk:

  • a) Anders Jakobson gm Helene Andersdotter Muri. Dei overtok bruket, sjå under.
  • b) Anders Jakobson. Han reiste til Bergen og vart kalla «By-Anders». Var befal.
  • c) Rasmus Jakobson gm Brita Andersdotter Muri, frå Halsteinsbruket.
  • d) Kristian Jakobson Kvamme - Løken. Gm Brite Olsdotter Kvamme. Dei kjøpte gard på Løken.
Notater:
• Jakob var fødd 31.7.1790 og var yngste bror til forrige brukar; Ola Rasmusson ??
• Det er uklårt kvifor Jakob overtok bruket, eller ... ?
• J.Aaland skriv at Jakob døydde i 1840, 46 år gamal. Dette passer ikkje med fødselsdatoen eg har funne.

Eirik Ellingson Vollset

Erik vart fødd 18.7.1811. foreldra var Elling voldsæther og Bertha Erichssdotter. Eirik gifta seg med enka Agnethe. Han er nemnd som brukar i 1841. Kårbrev til Eirik og Agnethe vart skriven ut i 1841. Eirik døydde 45 år gamal i 1857.

Agnethe var føddd 21.10.1794 og døydde 53 år gamal i 1847.

Anders Jakobsen og Helene Andersdatter

Anders og Helene bor på bruket i 1865.[[1]]. Anders er gårdbruker og leilending og er 43 år i 1865. Helene er 40 år dette året. Anders Jakobsen fikk bygselbrev på bruket i 1843 og er bruker på garden i 1886[2]. Skulda er urevidert 2-1-7(daler-ort-skilling)/revidert 3-37(mark-øre).

Anders og Helene har:

  • Jakob Andersen, 18 år i 1865.
  • Anders Andersen, 16 år i 1865.
  • Martines Andersen, 11 år i 1865.
  • Bendt Andersen, 8 år i 1865.
  • Agneth Andersdatter, 5 år i 1865.
  • Andreas Andersen, 1 år i 1865.

I 1865 bor Kristian Jakobsen (29 år), Danielle Rasmusdatter (25 år) og Randine Jakobsdatter (21 år) på gården som tjenestefolk.

Jakob Andersson Kvamme og Eli/Rakel

Jakob Andersson Kvamme er fødd 28/8/1848. Jakob Anderssen får "Kongeligt Skjøde ... paa Bruget med Jordafgift for Kr 1973,22, dat 19/11 1889, thgl. 18/10 1890."[3] I 1910 er han kalla sjølveieande gardbruker.

Eli Kvamme dør tidlig. I 1900 er det skifte etter henne, og enkemannen Jakob Andersson blir utlagt verdiene mot å svare barnas andel i arven, kr 79,49 til hver. Dette gjaldt Andrine, Anders, Helene, Kristian, Brithe, Johan, Rasmus og Elias.

Han var andre gong gift med Rakel A. Kvamme, fødd 4/3/1864.

I 1907 er Jakob Andersen brukar på garden og landskulda er 3-37.[4]

Jakob og Eli har:

  • Andrine Jakobsdotter Kvamme, f 1881.
  • Helene Marie Jakobsdotter, fødd 1885.
  • Kristian Jakobson Kvamme, fødd 1887.
  • Brithe Jakobsdotter Kvamme, fødd 1889.
  • Johan J. Kvamme, fødd 18/2/1892. Sjå nedanfor.
  • Rasmus J. Kvamme fødd 28/4/1895. Gårdsarbeider 1910.
  • Elias J. Kvamme, fødd 6/7/1898.

Jakob og Rakel hadde:

  • Anna J. Kvamme, fødd 26/7/1901
  • Robert J. Kvamme, fødd 30/6/1903.
  • Hans Olai J. Kvamme, fødd 1/4/1905

Sjå Kjeldearkiv:Daglegliv på Kvamme sist på 1800-talet

Oppdyrking i Nigard på Kvamme 1915 ?

Våren 1915 sende Jacob A. Kvamme ein søknad til amtsagronom E. Faleide i Gloppen. Jacob vil gjere ein oprydding og ny dyrking av tre mål innmark på garden og vil låne penger i Jorddyrkingsfondet.

Den 10. august 1916 vert jorda undersøkt av Elias Faleide for Nordre Bergenhus landbrukslag. Feltet som er av interesse er på 95 ar. Det ligg "like ved husene og grænser i øst til en berghammer, i nord til eierens dyrket og i syd til naboen". Jorda omtales slik: "Alm. god jord, noget steenfuld og tildels vandsyk". Faleide noterer at jordstykket til nå har vore brukt som slåttemark av "nogen" betydning. Men Faleide skriv at det egner seg til nydyrking og at det vil svare seg i høve til omkostningene. Men gardens egen gjødsel strekk ikkje til, og den må kjøpast. Faleide noterer og at feltet kan utvides vidare og at det nyleg har vore utskifting på garden. Eigaren har og tidlegare foreteke nydyrking og han er særleg interessert.

Amtsagronomen set så opp eit omkostningsoverslag. For kvart ar reknar han 6 kr til brytning av jord, 3 kr til minering, rydning og steinkjøring og 2 kr til grundblanding, planering m.v. Til saman kr 1045.- I tillegg skal 230 m grøft lukkes, tilsaman kr 115. Det første året skal stykket gjødslast for 3 kr pr ar. samla vert dette ein utgift på kr 1445, eller kr 15,31 pr. ar. Faleide rår til at Jacob får eit bidrag på kr 350.- og at ein set ein frist på fem år for arbeidet.

1918: "Kvamme øvre" - Parsell utskilt til Anders Jakobsen

I samband med at Johan Kvamme overtek Nigardsbruket vert det og skilt ut ein parsell til den eldre broren, Anders Jakobsen.

"Skylddelingsforretning 25/10 1918

Aar 1918 den 9de oktober fremmøtte undertegnede, i henhold til lensmandsopneævnelse av 25/9 d.å. paa gaarden Kvamme, grno 17 brgno 1. av skyld mark 3.37 i Innvik tinglag, for at dele og skyldsætte en parsel av nævnte bruk, da eieren Jakob Andersen har solgt en del av sit bruk til sønnen Anders Jakobsen.

Som formand ved forretningen valgtes Saloman O. Løken. Saavel sælger som kjøber var tilstede.

Mændsopnævnelsen fremlagdes.

Varsel var givet til den nabo, hvis eiendom støder op til den nævnte parcel. Den varslede møtte ikke, da den mærkelinie var nylig opsat ved lovlig utskiftning og gjerde opført.

Den utskilte parsel bestaar av to indmarksstykker, hvor av det ene stykke mod nord grænser til før nævnte mærkelinje, mot øst til utmarksgjerdet, mot syd og væst er det avmærket med lovlig nedsatte mærkestene. det andre stykke er og avmerket tydeligt med nedsatte mærkestene, begge stykker form er hensigtsmæssig for fredning, foruten disse stykker, følger en skovteig kaldet "Hjelleteigen", samt 2 utslaatteteiger kaldet "Svadeslaaten" og "Haaverslaatten". Med parsellen følger rettigheter i utmarken efter skyld. De offentlige utgifter, vedlikehold av elveforbygninger m.m. forøvrigt rettigheter og forpligtelser alt efter skyld.

Hovedbruket har tilstrækkelig skov og fjeldstrækning.

Parsellen fik navnet "Kvamme øvre".

Efter at eiendommen var befaren, fandt man at den utskilte parsel faar en skyld av mark 0.60 øre.

Forretningen er utført efter bedste skjøn og overbevisning i henhold til avlagt ed.

S. O. Løken Knut Brynestad Jakob Aaberg"

Sjå Kvamme øvre i Stryn (Gnr 17:7)

Skøyte på Nigard 1918

I 1918 ovetek Johan J. Kvamme bnr 1 på Kvamme etter sin far, Jakob Anderson Kvamme.

Underskrevne Jakob A. Kvamme vedgaar herved at have solgt, likesom jeg herved sælger og overdrager til min søn Johan Jakobsen, mit eiende bruk i gaarden Kvamme, grdsno 17 bruksno 1. av skyld mark 2.77 for en kjøpesum av kr 2500, siger to tusin fem hundrede kroner, Foruten nævnte kjøpesum, svares aarlig kaar til mi og hustru Rakel Rasmusdtr efter utstedt kaarbrev.

Forøvrigt henvises til kjøpekontrakt av 2/7 d. år.

Kaaret verdsættes, for stempelavgiften, til kr 200- pr aar = Kr 1000.- for 5 aar.

Da jeg er sikret for overnævnte kjøpesum, skal fra nu av nævnte bruk, med paastaaende huse og tilliggende rettigheter og forpligtelser, følge og tilhøre nævnte min søn Johan Jakobsen og arvinger, som deres odel og eiendom, og forbliver jeg hans hjemmelsmand efter loven. Dette til bekreftelse ved min underskrift i vidners nervær.

Kvamme den 10de Oktober 1918 Jakob Andersen Kvamme

Vidner: S. O. Løken Knut Brynestad

I samband med denne overdraginga vart det og skrive ein kontrakt:

"Kontrakt I overvær av naboerne Rasmus Jørgensen, Ingebrigt Markussen og Ole Fredriksen Kvamme samt Bendikt Auflem har jeg undertegnede Jakob A. Kvamme overdraget min eiendom i gaarden Kvamme gnr. 17 bn. 1 i Indvikens tinglag til min søn Johan paa følgende betingelser:

1. Kjøpesummen fastslaaes til kr. 5500.oo fem tusen fem hundrede kroner. Kjøperen overtager den paa bruket vilende gjeld til Indviks Bank c.a. kr. 4000.oo (Se gjeldsbevisene) og kroner 1500. betales kontant til selgeren ved skjødets utstedelse som netto overskud, der deles som arv paa samtlige børn efter lov og almindelig arveret lar [?].

Med i handelen følger, foruten samtlige paa gaarden ny opførte huse i den stand de nu forefindes, ogsaa 1/2 nauspart paa Oldøren, kvern med kvernhus, gaardsredskaber, inventar og besetning i følge [.......] fortegnelse under kaarbrevets avfatelse. Selgeren betaler samtlige i høst paa bruket vilende skatter. Skjødet utstædes i høst.

Nærværende kontragt er avfattet og underskrevet av kjøper og selger 2den juli 1918 Jakob A. Kvamme Johan Kvamme

Vitner Ole Kvamme I. M. Kvamme"

Johan og Jenny måtte seinare sjølve låne pengar i Indvikens Sparebank, og 13. mai 1919 underteiknar Johan ein pantobligasjon på seks tusen kroner. Denne vart tingslyst 26. mai og vart innteken i panteboka på folio 144. For dette måtte dei betale eit gebyr på 14 kroner. Pantobligasjonen vart innfridd og pantet avlyst i desember 1942.

Johan J. Kvamme vart gift med Jenny Jakobsdotter Reed (1887-1982)

Johan er snekkerlærling og handtverker i 1910. Johan og Jenny har:

  • Jakob
  • Elfrid
  • Jostein
  • Bjarne
  • Roald

Familien i 1920: [[2]].

Ved folketeljinga i 1920 er Johan og Jenny gardbrukarar og Jakob og Rakel kårfolk. Jakob er fødd, men er ikkje notert med namn. Ingeborg Larsdotter Fossheim (f 12/2 1883 i Breim) er budeie. Jakob Olson Taklo (fødd 8/7 1906 på Nordfjordeid) er fast gårdsdreng. Hans Olai, fødd 1905, er "Landbrugsarbeider på dagarbeide".

Fjøsregnskap 1949-1951

Høsten 1949 hadde Johan og Jenny syv kyr i fjøset. Kyrne lød navnene Dalekolle, Grågås, Svartekolle, Blendo, Rosa, Morlik og Golin. I regnskapsboka finner vi 22/10 1948 tall for melkemengde, fettprosent m.v. I alt melket kyrne 59,9 kg melk denne dagen. Mest gav Dalekolle med 16,6 kg, minst Blendo med 3,7 kg. Fettprosenten varierer fra 4,2 hos Blendo og Rosa til 2,7 hos Dalekolle. Johan noterer totalvolum for oktober måned. Samlet gav de seks kyrne 1412 kg denne måneden. Mest gav Svartekolle med 495 kg, minst Blendo med 111 kg. Men det skjer mer i fjøset i oktober. 3. oktober får Golin en kalv som blir slaktet. 12. og 13. oktober får Morlik og Dalekolle hver sin raude kalv. Kyrne får høy som for, og bonden noterer at de får 4,6 kg hver pr dag.

Ett år senere, 19/10 1950 gjør Nigardsbonden opp ny status. De har de samme seks kyr på båsen. Svartedokke melker mest med 19,0 kg denne dagen. Blenda melker minst med 4,8 kg. Totalt melker kyrne 43,9 kg. For hele oktober melker de samlet 1174 kg for oktober. Fettprosenten er nå høyere. Lavest med 3,5 hos Golin og høyest med 5,0 hos Blenda. Formengden varierer mer, opp til 6,5 kg/dag hos Svartedokke.

I 1951 står det fem kyr på båsen: Svartekolle, Golin, Brandgås (ny), Grågås og Gullgod (ny). Sammenliknet med 1949 er Dalekolle, Blenda, Rosa og Morlik borte. [5]

Kårbrev 1957

I 1957 får Jakob Kvamme skøyte på bnr 1 på Kvamme etter sine foreldre. Jenny og Johan skulle så sitje på kår, og vilkåra vart avtalt.

Kårbrev

Eg underskrevne Jakob Johanson Kvamme, som idag har kjøpt garden Kvamme Grn. 17, bnr. I av foreldra mine, bind meg med dette å svara fylgjande kår:

  • 1. Rett til innkoma av 8 l. mjølk kvar dag, saup og skommamjølk etter trong.
  • 2. Rett på 30 kg. kjøtt, 30 kg. flesk for året. Poteter og flatbrød etter trong.
  • 3. Rett på kjøkkenet i sudaustre hyrne av bustadhuset. Stova i sudenden til felles bruk. Likeeins soveromet på loftet. Kjellerrom etter trong.
  • 4. Rett på kraft og oppvarming. Røkt og stell i sjukdom og alderdom.
  • 5. Når den eine av kårtakarane fell frå, vert kåret å setja ned til det halve.

Kvamme 20/8 - 1957.

Jakob J. Kvamme (sign.)

Jakob J. Kvamme og Ingrid Malvinsdotter Nygård

Jakob og Ingrid har:

  • Jorun Margrete Kvamme
  • Jon Olav Kvamme
  • Margunn Kvamme
  • Agnes Olina Kvamme
  • Malvin Kvamme

Jon Olav Kvamme og Møyfrid Sømme

Jon Olav og Møyfrid har:

  • Håvard André Kvamme
  • Geirmund Kvamme
  • Amalie Kvamme
  • Jakob Kvamme
  • Bendik Kvamme


Gardene i Oldedalen i nåværende Stryn kommune

Bak-Yri | Briksdal | Høgalmen | Kvamme med Førde | Melkevoll | Myklebust | Mykløen | Rustøen | Yri indre | Åbrekk | Åberg med Tungøy

Referansar

  1. NOBA, Norges Bank/Sølvskatten 1816*, 1816-1828, s. 96 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10081203297097
  2. Matrikkel 1886
  3. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02a/02ai/L0002: Panteregister nr. II.A.i.2, 1878-1936, s. 36 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071129620655
  4. Matrikkel 1907
  5. Fjøsregnskap i gårdsarkiv, Nigard på Kvamme