Helene Marie Jakobsdotter Kvamme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Helene Jakobsdotter Kvamme.
Foto på heimgarden i Oldedalen.
Biletet er kan hende frå Amerika og teken 1900-1905?

Helene Marie Jakobsdotter Kvamme vart fødd 20. mars 1885 på Kvamme i Oldedalen i Stryn.

Foreldra var gardbrukar Jakob Andersson Kvamme (1848-1933) og Eli Kristoffersdotter Lida (1853-1899). Faddrane 12. mars 1885 var Rasmus J. Muri, Siri Kvame (?), Arne P. Eide - Lien, Ole A. Kvame og Oline Rustøen.[1]

Helene Marie vart konfirmert 8. oktober 1899.[2]


Helene for tidleg til Amerika. Nevøen, Jakob Kvamme, fortalde at ho vart sett til å pleie ein pasient med galopperande tæring. Helene var sjuk sjølv og døydde. Slekta på Kvamme hørde ikkje meir til ho. Bak på biletet av henne er det skrive at ho døydde omlag 20 år gamal. Det vil seie i 1904-05.

Referanser

  1. SAB, Innvik sokneprestembete, SAB/A-80501Ministerialbok nr. C 1, 1879-1900, s. 22 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070112330531
  2. SAB, Innvik sokneprestembete, SAB/A-80501Ministerialbok nr. C 1, 1879-1900, s. 143 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070112330618