Halland skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halland skule ligg på Systrond og tilhøyrer Halland krins i Leikanger

Skulehuset

Kring 1872 vart det gjort opptak til å byggja nytt skulehus med lærarbustad på klokkargarden Halland, og godseigarbustaden på Hauglum og Fresvik etter godseigar Hille, vart kjøpt til flytting for 650 spesidalar. Huset stod ferdig til bruk kort tid etter.

Det nye skulehuset med klokkarbustad vart taksert og branntrygda 28. desember 1874. Det var 25 alner (15,5 m) langt, 13 alner (8 m) breitt, oppført av tømmer med teglsteinstak, stod på grunnmur med kjellar, var kledd med bord som var oljemåla. Der var og ei steintrapp frå nedsida opptil inngangen. Klasserommet (skulestova) hadde kateter, 12 skulebord med 12 benkar, to bokhyller og ein 9-etasjes kakkelomn. Rommet hadde fire dobbel-fag vindauga. I fyrste høgda var det også bustadrom, og det var to rom på loftet.

Heile perioden frå krinsen blir oppretta og fram til århundreskifte står det tidvis oppført i protokollane at skulen blei halden på "Halland skulehus" eller "Bankhuset på Halland". På midten av 1890-talet kan ein lese følgande om skulen i femårsmeldinga: "Hallands skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 35 børn) og lærerbolig bestaaende af stue, kammer, 2 loftsværelser, kjøkken, gang og kjælder."

Andre bruksområde

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Aass, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, s. 5.
  • Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder