Sønstigardvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sønstigardvegen i Bø i Telemark går vestover frå Seljordvegen ved Lovald i Øvre Bø. Den deler seg i ei sørgåande grein som går til garden Åsheim og ei vestgåande til dei to gardane Grave søndre, «Østigard» og Sønstigard Grave.
Vegen har namn etter Sønstigard Grave.
Frå enden av vegen, ved Åsheim, fortsett Sandstulvegen, som er ein skogsveg, fram til Sandstul.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no