Motorfartøy
Motorfartøy er fartøy kategorisert etter framdriftssystem. Frå noko før 1900 har ein venta at det står ein forbrenningsmotor i motorromet. Forbrenningsmotoren sitt dreiemoment driv propellaksel og propell anten direkte eller gjenom ei girkasse.
I tidleg fase hadde motorane lav effekt og var kombinert med full seglføring frå livet som seglfartøy. Utvikling i meir enn 100 år gir endringar. Det var knapt ei seglfille til framdrift å sjå ein del år etter andre verdskrig. Så kom segla att. Fyrst til lutter glede, så og til nytte til framdrift. Men så lenge forbrenningsmotoren står for energiutnyttinga er nemninga motorfartøy nytta.
Forbrenningsmotoren var driven av; bensin, parafin, solarolje (eller ulje som dei sa på kysten), disel, tungolje (i knipetak gjekk semi-diselen på kval- og sel-olje) og gass (i diverse former). Ein snakkar i hovedsak om forbrenningsmotorar av type; otto-, semidisel- og disel-motorar. Her er og innslag av spesialkonstruksjonar (også med ekstern forbrenning), wankelmotor og former for turbinar. Kategorien med forbrenning i sylindaren i forbrenningsmotor er dermed ikkje heilt vasstett.
Andre former for overføring av dreiemomentet frå forbrenningsmotore til framdrift har kome til på vegen. Forbrenningsmotoren driv:
- ein generator som i sin tur driv elektromotor som driv gir eller direkte propell eller vassjet. Mellom forbrenningsmotor og el.motor sit ei koblingstavle. Gjenom koblingstavla kan ein ha mellomlager for energi i form av batteri. Såkalla akkumulatordrift frå gamalt.
- ei hydraulikkpumpe som i sin tur driv hydraulikkmotor som driv gir eller direkte propell eller vassjet. Her kan ein og ha akkumulatordrift men denne løysinga gir oftast kortare driftsintrvall med stilleståande forbrenningsmotor enn batteridrift.