Notbåten «Trollet»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. mar. 2010 kl. 14:46 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Ny side: Notbåten ”Trollet” var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S o…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Notbåten ”Trollet” var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet Drott. I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle register over fiskebåtar. Dette truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla ”Trollet”, som vel er eit klengenamn.

I fiskeriregister for Selje kommune Sogn og Fjordane finn ein spesifikasjonar på båten. Den er registrert som motorbåt åpen. Lengde/ breidde/ djupne i fot er; 28,0/ 10,0/ 3,3. Motor er 12 hk Wichmann. Seinare gjekk krumtappen (veivakselen) på denne motoren. Det vart kjøpt ny motor frå Olav Midthun, Haugesund. Motoren var Skud 18 hk og prisen var kr 2000,00. Det var ein motor som trengde litt meir plass en den gamle, så monteringa tok litt tid. Det måtte mellom anna lagast nytt motorfundament. Utvendig vart det lagt på ei langsgåande forsterking. Båten vart teken i bruk, men motoren vart vel aldri brukt for fult då det røynde båten i sterkaste laget. Kassaboka i åra etter at båten vart innkjøpt viser at notlaget har teke mange fangstar rundt i Austefjordområdet. Det er bokførte landlutar som vitnar om dette. Om vinteren vart båten sett på land i det halvferdige nothuset. Når notdrifta minka vekk fram mot 1960 vart båten ståande i naustet til ca 1979, då tok brørne Steinnes over båten.


Kjelder

  • Austefjord Museum/Fiskebåtregisteret
  • Kassabok for Høydal notlag