Sandvik (Kvinesdal gnr. 176/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gammelhuset i Sandvik omkring 1950. Huset var i tømmer, med påsatt kledning i seinere tid. Til venstre kan skimtes sauefjøs som i dag er kårbolig

Sandvik blei skild ut frå bruk 3 i 1905. Det opphavelege huset var lafta på mur av naturstein, med kledning. Ukjend byggjeår, men truleg frå tidlig 1900-tal. Det gamle huset blei rive kort tid etter at det nye huset blei teken i bruk i 1984.

Bruket har i dag to adresser.

Våningshuset (Åmlandsvegen 302) blei reist i 1984. Dette er eit typisk hus for 1980-talet i tre etasjar. Det har grunnmur i Leca, bygt i tre med kvistar på tak og karnapp. Huset blei bygt vegg-i-vegg med det gamle huset.

Kårhuset (Åmlandsvegen 304) Dette huset blei ombgt frå sauehus til bolighus i 1986. Huset er i mur.

Fjøs/låve blei bygt i 1960-1961 i tre etasjar. Fjøset er i støpt mur med kvitmåla veggjer, medan låven er rødmåla.