Sandvik (Kvinesdal gnr. 176/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandvik
Gammelhuset i Sandvik.jpg
Gammelhuset i Sandvik omkring 1950. Huset var i tømmer, med påsett kledning i seinare tid. Til venstre kan skimtast sauefjøs som i dag er kårstove.
Utskilt: 1905 frå bnr. 3
Sokn: Fjotland
Fylke: Vest-Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 176
Bnr: 7

Sandvik er eit småbruk (gnr. 176/7) i Fjotland i Kvinesdal kommune. Bruket blei skild ut frå Åmland (bruk 3) i 1905.

Det opphavlege huset var lafta på mur av naturstein og seinare påsett kledning. Ukjend byggjeår, men truleg frå tidlig 1900-tal. Det gamle huset blei rive kort tid etter at det nye huset blei teken i bruk i 1984.

Bruket har i dag to adresser.

Våningshuset (Åmlandsvegen 302) blei reist i 1984. Dette er eit typisk hus frå 1980-talet i tre etasjar. Det har grunnmur i Leca, bygt i tre med kvistar på tak og karnapp. Huset blei bygt vegg-i-vegg med det gamle huset.

Kårstova (Åmlandsvegen 304)blei ombygd frå sauehus til bustadhus i 1986. Huset er i mur.

Fjøs/låve blei bygt i 1960-1961 i tre etasjar. Fjøset er i støypt mur med kvitmåla vegger, medan låven er raudmåla.