Treungen Gjestgiveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Klevstul's Hotell i Treungen.

Treungen Gjestgiveri i Treungen blei starta av Såmund Klevstul i 1917 under namnet Turisthospitset.[1] Under den store brannen i Tveitsund 6. mars 1922 strauk bygningen med. Såmund fekk ført opp ein stor ny bygning som var teikna av arendalsarkitekten Oscar Høyer Stensvand.[2] Denne blei kalla Klevstul Hotell. Seinare endra hotellet namn til Klevstul Hospits og deretter Klevstul Pensjonat.[3]

I 1955 stod sonen til Såmund, Karl Klevstul, oppført som innehavar av overnattingsverksemda, [4] og namnet blei snart endre til Treungen Gjestgiveri.[5]

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 858.
  2. Åsen, 2000, s. 330.
  3. Åsen, 1978, s. 182.
  4. Norges Turistforbund, 1955, s. 56.
  5. Åsen, 1994, s. 84.

Kjelder

  • Norges Turistforbund, Norges turistforbunds reisehåndbok. Del 2, Oslo, 1955. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Gard og ætt : Treungen sokn, Nissedal, 1978. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Åsen, Kjell, ""Klevstul" og "Malines Hotell". Dei kvite Jugend-smila i Tveitsund" i Telemark Historielag, Årsskrift 1994. Bygningshistorie, Bø, Telemark historielag, 1994.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge. [4] : Kultursoga : 1900-1999, Nissedal, Nemnda, 2000. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.