Ufsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ufsvegen i Bø i Telemark er ein blindveg som går nordover frå Reshjemvegen ved Dansarberga på Folkestad til dei to gardane Ufs og Vesle-Ufs.
Vegen fekk namn etter Ufsgardane i 1996 og er om lag 360 m lang.
Vesle-Ufs (gnr. 9/89) var opphavleg husmannsplass under Folkestad nedre frå 1830 som blei sjølvstendig bruk i 1916.
Ufs (gnr. 10/5) var opphavleg husmannsplass under Framistugu Eika frå fyrste halvdel av 1800-talet som blei sjølvstendig bruk i 1900.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid. Bø kommune 1986.